lørdag 25. februar 2012

Bakt potet med rekefyll

Snadder ein laurdagskveld

Idag hadde eg lyst på noko litt anna enn pizza, taco, lasagne o.l som ellers blir laga ein laurdagskveld.
Og fekk ein idè om å lage bakt potet med fyll. Då eg såg dei ferske rekene som låg i fiskedisken, var valget enkelt.



Til 4 personer  (2 voksne og 2 barn) har eg brukt:

Bakt potet:
4 store poteter, skar eit lite kryss i kvar potet på toppen og pensla dei med litt rapsolje og dryssa litt grovt salt over. Pakka kvar enkelt potet i aluminiumsfolie.
Steikast på 200 grader i 45-55 min.

Rekefyll:
600 g ferske reker evt. frosne.
1 boks creme fraichè
1 boks mais
2 vårløk
2-3 dråpa sitronsaft
litt gressløk

Fin hakk vårløk og gressløk. Rensk rekene. Bland sammen alle ingrediensane.

"Åpne" potetene når dei er ferdige. Og legg rekefyllet over.


Ha ein fortsatt fin laurdagskveld :)

fredag 24. februar 2012

Heimelaga Hamburger

HEIMELAGA FREDAGSBURGER

Eigentleg fekk eg ei idè om å lage heimelaga kyllingburger,
men dessverre var det tomt for kyllingkjøttdeig på butikken. Dermed vart det vanleg hamburger.



Hamburger:

800 g kjøttdeig
1 finhakka løk
salt
pepper
2-3 ss potetmjøl
melk

Kjør kjøttdeig og løk i foodprocessoren. Ha i salt og pepper. Deretter potetmjøl og spe på med melk til du får ein passe farse. Eg likar farsen litt fast, ikkje for blaut.
Ha godt med margarin i steikepanna, og når panna er varm, former du karbonader i hendene (eg rullar først til ein ball og klappar den flat).


Eg fann ut at når eg først skulle lage hamburgarane sjølv, då måtte eg nesten prøve meg på å lage hamburgerbrøda sjølv også. Og dei vart grove:


Grove hamburgerbrød;

2 dl vann
1,5 dl melk
2 ss olje
6 dl grovbakst mel
4 dl hvetemel
1/2 ts sukker
1 ts salt
1 pk tørrgjær

Varm vann og melk til passe fingervarmt. Bland sammen alle tørre ingredienser, slå i den lunkne væska og oljen. Elte godt. Og lat heve til dobbel størrelse.
Trill ut bollar som du trykker litt flate. Legg på et bakebrett med bakepapir. Dekk til med et kjøkkenhandle og etterhev i ca. 20 min. Pensle med egg og dryss over litt sesamfrø om ønskelig.
Steikes på 200 grader midt i ovnen i ca.10-15 min. Avkjøl.

Server med salat og ein god dressing :)

God helg til alle sammen !

lørdag 18. februar 2012

Pasjonsfrukt og bringebær Marsipankake

Marsipankake med pasjonsfrukt og bringebær

Då er 3 av 3 kaker denne helga ferdige. Og 2 av kakene står å ventar i kjøleskapet på å bli henta imorgon. Ho som skulle ha denne kaka, ville ha ei kake med ikkje so alt for mykje dill og fargar. Også eit kakefyll litt utenom det vanlege, der eg ellers fekk frie tøylar. Og håpar spent på at valget av kakefyll vil falle i smak, då eg har laga ein pasjonsfruktkrem, og brukt bringebær.




Oppskrift på sukkerbrød finn du HER.

Sukkerbunnen har eg del i 3 lag, og første lag er bringebærsyltetøy (eg brukar nora sin hjemmelaget, som ein finn i frysedisken), vaniljekrem og friske bringebær.
Andre laget er bringebærsyltetøy, pasjonsfruktkrem og friskebringebær.

Pasjonsfruktkrem:

8 Pasjonsfrukt
2 dl sukker
200 g smør
4 egg

Del pasjonsfrukta i 2 og skrap ut kjøttet. Press fruktkjøttet gjennom ei finmaska sil. Mål opp ca. 1 dl saft. Bland med smør og sukker i ein liten kjele på svar varme til smøret er smelta. Ha i resten av fruktkjøttet, og mos med ein stavmikser, sil ein gang til. Tilsett egga, og lat syde på svak varme til det tykner. Avkjøl.




Årets fyrste dåpskake...
blei til idag. Veldig kjekt å få pynte litt kaker igjen..
Ho som skulle ha kaka, såg gjennom bilder av dei andre dåpskakene eg har laga, og bestemte seg for diamantmønster, babyseng, sommerfugla og eit navneband..
Og slik vart resultatet:



Sukkerbunn dynket med saft fra jordbær, vaniljekrem med krem og friske jordbær.



TIL LYKKE MED DÅPSDAGEN IMORGON!



Hipp Hurra...


Min kjære nabo fyller 60 år! Og i den anledning har eg laga ei marsipankake som ho fekk i bursdagsgave fra meg...
Sukkerbrød fylt med bringærsyltetøy, vaniljekrem og bringebær.
Trekt med marsipan. Pynt av sukkerpasta.

So GRATULERE SO MYKJE MED 60 ÅRS DAGEN, LAILA!
Håpar du får ein fin bursdag, og ei super feiring.

torsdag 16. februar 2012

Strawberry- kiwi cupcake

Strawberry-kiwi Cupcake

I helga som var, lagde eg cupcakes til den store gullmedalje.
Det var barnehagebasar, og då lyt alle foreldre stille til dugnad. Eg var sjølvsagt stor fornøgd med å stå på bakelista!! Og over 50 cupcakes vart til..


og sjølvasgt klarte eg ikkje late vere å pynte dei litt..


Strawberry-kiwi Cupcake:

4 egg
4 dl sukker
100 g smelta smør
2 dl melk
6 dl hvetemel
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 dråpa strawberrey-kiwi smaks essense


Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Slå i smelta smør. Bland saman dei tørre ingrediensane og sikt i eggedosisen, vekselsvis med melk. Til slutt tilsette du smaks essensen.
 Steikes på 170 grader i ca 10. min.

Smørkrem:

100 g smør
300 g siktet melis
1 ts vaniljesukker
2-3 dråper strawberry-kiwi essense
3 ss eplejuice

Pisk smør og melis til ein luftig og fin krem. Tilsett vaniljesukker, smaks essense og eplejuice til kremen blir lett og luftig.

lørdag 4. februar 2012

Hestekake

HESTE kake...

Ei venninde av meg som bestilte kake til dotra sin 10 års dag.
Eg fekk ei teikning av to hestar som skulle vere på, og dei eine skulle vere ein fjording, og den andre mørkebrun på fargen. Ellers fekk eg frie tøylar til resten av pynten.
Ynskjet var marsipankake, og fyllet fekk eg velge sjølv, og då vart det sjølvsagt Bringebær og vaniljekrem med krem.



Jubilanten sjølv veit ikkje om at ho skal få hestekake, då det skal vere ein overraskelse.
So då håpar eg kaka fell i smak hos jubilanten ;)
Og Gratulerer Nora med 10 årsdagen! Håpar ho får ei flott bursdagsfeiring.

Gulrotkake med kokos

Bursdagskake...
Denne kaka lagde eg forrige helg, då ei venninde feira 30 årsdagen sin..
(Kanina og gulrøtene på kaka var internhumor)


Gulrotkake med kokos;

500 g rå, raspa gulrot
3 egg
300 g sukker
2 dl matolje
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
1 ts natron
1 1/2 dl kefir
300 g hvetemel
100 g kokos
100 g hakka mandler

Pisk sammen egg, sukker og matolje. Pisk inn vaniljesukker,kanel, natron og hvetemel.
Vend inn revet gulrot, kokos og hakka mandler.

Smør ei lita rund kakeform, og ha rør i forma. Steikes ved 175 grader i ca. 40 min.
La kaka kvile i 10 min, før du tek ut av forma. Avkjøl.

Glasur:

200 g philadelphia ost
100 g smør
ca. 400 g melis
2 ts vaniljesukker

Rør saman romteperet smør, kremosten, vaniljesukker og melis til ein glatt krem.
Bre ostekremen utover kaka.