mandag 27. juni 2011

Bryllup

Mi første bryllupskake

Eg var so heldige å få det store oppdraget til å lage bryllupskaka til mi kjære lisje syste som sa JA til sin kjære Hallvard på lørdag. Dette er noko eg lenge har gleda meg stort til, både å få æra til å lage bryllupskaka og til den STORE dagen.
Eg var so heldige å begynde på ferie forrige mandag, dermed gjekk heile veka med til forberedelsa; Kakepynt, brødbaking, masse øving på å holde tale (då må deert nesten seiast at i vår familie er det ingen talara, så dette var noko eg grua meg skikkelig til!), også litt øving på en sang som vi som var sysken + nokre andre sang på kvelden med band som spelte til, vi hadde då laga vår eigen versjon av "Ungkar med dobbelseng", då vi hadde "Ungpar med dobbelseng".
Det var ein FANTASTISK og MINNERIK dag!
Til kakebunnane har eg brukt Wilton Sweet heart bakeforma.
All pynt er av kvit marsipan fra Pals, samt kakene er trekt med kvit marsipan.

Brua er også laga i kvit marsipan fra Pals, montert med royal icing.
Brua er sjølvkomponert ettersom eg ikkje fann noko mal til marsipan bru.



Kake til venstre; sukkerbunn fylt med vaniljekrem og bringebær.
Kake til høgre; sukkerbunn fylt med rabarbara og jordbær og kremfløyte blanda med crème fraichè.

Og her er det fiinaste brudeparet som smakar på bryllupskaka.
Etter eit fantastisk bryllup, skal eg no nyyte resten av ferien min.
Eg tenkte eg skulle komme tilbake med mi favoritt oppskrift på sukkerbrød og rabarbara og jordbær fyllet eg har brukt litt seinare, men nett no skal eg kose med smågulla mine.

Ha  ei trivelig veke!

Klem