fredag 1. juli 2011

Saftig Gulrotkake med ananas


Bedre seint enn aldri...

Her kjem no ei kake som eg lagde i MAI då mi kjære frøken snupp fyllte 2 år!
Ettersom mai var ein hektisk månad med mykje kaker, vart det til at eg kun lagde denne søte veskekaka.
Og eg prøvde på ut ei ny oppskrift, sjølvsagt vart den litt sjølvkomponert (då eg sjelden klare å følge ei oppskrift til punkt og prikke, hihi )



Sidan det er " Hello Kitty" som er den største favoritten, måtte det sjølvsagt komme med Kitty på kaka...

Kaka er trekt med sukkerpasta.

Saftig gulrotkake med ananas;

270 g raspa gulrot
3 egg
300 g sukker
2 dl matolje
2 ts vaniljesukker
1 ts kanel
2 dl kefir
1/2 fersk ananas (most med stavmikser)
300 g hvetemel
200 g valnøtter
50 g rosiner

Rør sammen alle ingrediensane og bland i raspa gulrot, most ananas, valnøtter og rosiner til slutt.
Steikast på 170 grader.

Eg dekte kaka med philadelphia ostekrem.