Når forkjølelsen har inntatt, synest eg det er ingenting som er bedre enn ei
deilig varm suppe, gjerne litt HOT! So i helga lagde eg denne suppa;
Til 4 pers:
4 dl kokosmelk
1 l fiskebuljong
3 ss fish sauce
1 1/2 ss currypasta
1 ss maisenna
3 gulrot i stavar
1/2 squash i terningar
3 vårløk, finkutta
1 ts gurkemeie
1/2 lime, safta
salt
pepper
500 g laksefilet u/skinn i terningar
200 g renska reker
Ha kokosmelk i ein kjele, gi eit forsiktig oppkok, tilsett fiskebuljong, fish sauce og smak til med currypasta og gurkemeie. Lag maisenna jevning og tilsett suppa. Tilsett grønsakene og lat dei koke nokre minutt. Smak til med limesaft, salt og pepper. Ha i lakseterningane og lat trekke ca. 4 minutt. Tilsett reker rett før servering.