søndag 7. november 2010

BESTEMORS NATRONKAKER

Søndager anser eg som skikkelig kosedag med familien.
Då lika eg særs godt å slå til med ein god middag etterfulgt med ein dessert eller god kaffimat.
Idag såg eg kakefesten.com hadde lagt ut ei oppskrift på sjokolade cookies, og dei såg veeeeldig gode ut. Desse hadde eg svært lyst å prøve å lage. I oppskrifta skulle det også vere egg i, noko som eg dessvere ikkje hadde i hus. Eg sende til og med mannen på Best for å kjøpe egg, uten hell, dei var UTSOLGT!! AAaarg! :P
Men so kom eg jo då på at Bestemors NATRONKAKER kunne eg lage UTEN EGG. Jippi!
Og alle i heime var samstemde i at vi skulle lage natronkaker.
Eg har brukt mi bestemors oppskrift, og ho har lært meg korleis ho lagar dei.
Heldige meg :)
Men oppskrifta vil eg nok holde for meg sjølv :P
Dette vart goood søndagskos og kveldsmat. 4 åringen vår bestemte vi skulle lage varm sjokolade også, og det fekk han sjølvsagt innvilga. Godt nøgde var han då han fekk "voksen" krus også. Mens mora drakk kaffi, sat han med varm sjokolade og lata som han drakk kaffi ;)
MMmmmm, goood kaffi, mamma :P
Ha ein fortsatt fin kveld :))
RØREBRØD

Dette er eit godt, enkelt og lettlagd brød som ikkje blir so mykje gris med på kjøkkenet.
(2 brød i små brødformer)
Ingredienser:
4 dl mùsli
4 dl sammalt grov hvete
ca. 3 dl hvetemel (til røra blir omtrent som havregraut)
5 dl vatn
5 dl melk
litt salt
1 pk tørrgjær
Slik gjere du:
Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle. Du bruka den sorten frokostblanding el. mùsli du vil. Hell lunka vatn og melk i bollen. Og rør godt sammen. Er røra litt for blaut, ha i litt meir hvetemel. Men må ikkje bli for tørr. Skal vere omtrent som havregraut.
Smør brødformene godt med fett. Slå røra i formene. Sett brødet i ovnen på 100 grader og lat brødet stå 1time. Så skrur du opp varmen til 150 grader og steiker ca. 1 time til. Ta ut brøda kvelve på rist og avkjøl.