mandag 15. august 2011

Rabarbrasaft

Rydding i fryseboksen...

Idag vart det litt rydding i fryseboksen, og der fann eg rabarbra som eg
fekk lyst til å prøve å safte..


Vask rabarbra og del opp i mindre biter. Ha rabarbra og vatn i ei panne og kok i ca. 15 min.
Sil av safta. Tilsett sukker, og kok opp igjen safta i 10 min.
Fyll safta på reine, varme flasker. Avkjøl.

Nokon andre som kanskje har safta? Og kva har du safta av?
Ha ei flotters veke!

tirsdag 9. august 2011

Sukkerbrød fylt med hvit sjokoladekrem og bringebær

30 års dag...
I helga som var, baka eg også kake til mi gode venninde som feira 30 års dagen sin!

Kaka vart eigentleg laga litt sånn i hurten og sturten. Med min rygg som ikkje var heilt samarbeidsvillig, Dora kaka som eg hadde på bestilling, jobbehelg, og ikkje alt som gjekk heilt etter min plan, hihi...
Då den hvite sjokoladekrem ikkje var kald nok når eg skulle piske kremen :P
Dermed vart det til eg fylte kaka kl.07.00 lørdags morgon før eg skulle på jobb, og klatta på kakepynten då eg kom heim igjen fra jobb (då skulle eg jo eigentleg ha vore ankommet bursdags selskapet). MEN bursdagsjenta vart storfornøgd! HURRA!! ;)


Til denne kaka har eg brukt sukkerbrød, oppskrift finn du her!
Når eg brukar friske bringebær i kaka, brukar eg også Nora rørte bringebær sylte (som du finn i frysedisken) og dekker først heile kakebunnen med den (istede for å dynke bunnen)

Hvit sjokoladekrem;

100 g hvit sjokolade
1 pk kremfløte

Varm opp kremfløten (ikkje koke!)
Smelt så hvit sjokolade i den varme fløten. Avkjøl over natta i kjøleskap. Pisk så til krem.
(Dersom fløten ikkje blir kald nok, blir ikkje fløten stiv når du pisker, ditta har eg prøvd, hihi :P )

Eg syntes det vart litt for lite smak av den hvite sjokoladekremen, og tok difor 100 g hvit sjokolade og hakket som eg strødde over bringebæra igjen.

MMmmm! NamNam! God kombinasjon, som eg gjerne anbefaler å prøve ;)

Sukkerbrød

Oppskrift

I eit tidligare innlegg på bryllupskake, lovde eg oppskrift på mi favoritt oppskrift på Sukkerbrød, samt oppskrift på jordbær og rabarbra fyllet eg brukte. So here it comes;

Sukkerbrød;

5-6 egg
180 g sukker
120 g hvetemel
30 g potetmel
1/2 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til en lys og luftig eggedosis. Bland alt det tørre og sikt det opp i eggedosisen.
Vend melet forsiktig inn i røren med en slikkepott, slik at lufta ikkje går ut. Hell røra i ei 26 cm diameters form som er godt smurt med fett. Steik kaka midt i ovnen på 160 grader i ca.40 min. Ta kaka ut av ovnen, og la den kvile i forma i ca. 10 min før du kvelver den over på rist og avkjøler heilt.


Rabarbrakompott;

ca. 500 g rabarbra i småbiter
2 dl sukker
1 vaniljestang evt. 1 ts vaniljesukker av ekte vanilje
1 dl vatn
ca. 500 g jordbær

Kok opp rabarbra med vatn, sukker og vaniljestang. Rens jordbær, del dei i småbiter og vend dei inn i den varme kompotten. Avkjøl.


Krem:

3 dl kremfløte
2 dl crème fraîche
75 g sukker

Bland kremfløte, crème fraîche og sukker og pisk stivt.

Giveaway hos Mine diller

Mine diller- i ord og bilder
er ein ny interiørblogg eg har komt over i blogglandia.
Mine diller feirar den nye bloggen med ein GIVEAWAY



mandag 8. august 2011

Dora Kake

Endelig..

Til tross for at ferien er over, og eg har jobba i vel 3 veker no, føler framleis at eg er litt i "feriemodus".
Det har kribla godt i fingrane no, etter å pynte kake, og i helga var det heldigvis ei anledning som bydde seg.


Nesquick kake med sjokoladeglasur, trekt med sukkerpasta.
Eg knota det bra til med denne Dora kaka, og at det var både varmt og klamt i lufta gjorde heller ikkje pyntinga noko enklare....
Oppskrift på Nesquick kake finner du her

Var innom KAKEBOKSEN og kjøpte denne FPC butterfly and bee støypeforma,
og måtte sjølvsagt prøvast ut.

Til tross for at eg sjølv ikkje vart heilt fornøgd med resultatet, vart den iallefall godkjendt av bursdagsbarnet.


Ha ei finfin veke!
Klem