lørdag 8. september 2012

Grove rundstykker og ostehorn

Eit lite livsteikn....
 
Dessverre har det blitt veldig lite kakebaking på meg den siste tida, og pga.
bekkenløsning har eg måtte seie nei, når eg har fått spørsmål om å lage kaker...
Men eg håpar eg kan komme STERKT tilbake seinare på hausten, og då håpar eg det blir litt meir blogging også...
 
Men idag har eg altså slått til på kjøkkenet med Frøken Snupp som ein dyktig medhjelpar. Eg sette ein grov deig, som vi har trilla ut til rundstykker og fylte horn.
 
So her koste vi oss med en god omelett og nysteike grove rundstykker til kvelds.
Imorgon går dagen med til fotballturnering med Basten gullet, so då tenker eg det gjere seg med ostehorn i matpakken ;)
 
Frøken Snupp jaga med vekk frå kjøkkenet då ho skulle bake aleine.
 
 
 
Oppskrift grove rundstykker;
 
 
5 dl vatn                                       Lunke vatn og melk, ha i honning og smelt
5 dl melk                                      smøret i væska.
1 ts honning
100 g smør  
 
450 g samalt hvete grovmalt
300 g samalt rug finmalt
700 g sikta hvetemel
100 g havregryn
100 g solsikkekjerne
litt salt
1 pk tørrgjær                                    Bland det tørre i væska og elte godt sammen.
                                                    Set deigen til heving til den blir dobbelt så stor.
                                                    Elte deigen, og trill ut rundstykker, legg på kledd
                                                    bakeplate og etterhev. Steikast på 200 grader.
 
Eg og Frøken Snupp trilla rundstykker av halve deigen. Andre halve lagde vi ostehorn av. Kjevla ut to runde leivar som vi delte opp i stykker, smurte på skinkeost, strødde over smårettsskine og revet ost. Rulla dei sammen til horn og etterheva.