torsdag 27. oktober 2011

LEGO kake

Barneselskap

Igår var Bastengullet vårt heile 5 år!!
Og idag hadde vi barneselskap med venane hans. So her har det vore bra livligt idag, 8 fantastiske barn med eit alvorligt høgt energinivå.
Ettersom LEGO er blitt veldig populert her i heimen, fann eg ut eg måtte prøve meg på ei LEGO kake!

I somar når vi var på ferie i Legoland, kjøpte eg LEGO- isbitformer, desse vart tatt ibruk til denne kaka.
Eg fylte heller formene med MARSIPAN! .....OG....VIPS!!!
marsipanLEGO!!!


Sjokoladekake med sjokoladesmørkrem, trekk og pynt i marsipan.

Skal sei kaka slo an! Både hos gutane og jentene!
Sjølv for han som ikkje likte marsipan!! ( Åt marsipanLEGO) :P hihi..

Til helga blir det familieselskap, so kanskje eg slår til med ei kake då, også???

søndag 9. oktober 2011

Drømmehagen




Hipp Hipp Hurraaaaa!!
for tantegullet som blir 3 år!

Igår var vi stad å feira 3 års dagen til tantegullet, og tanta fekk sjølvsagt eit kakeoppdrag.
Eg fekk frie tøyler, men tantegullet Leah ville ha enten Hello Kitty, Ole Brumm eller Drømmehagen.

Då gjekk eg for drømmehagen, sidan dette er noko eg ikkje har prøvd meg på før.
Hello Kitty har eg liksom laga nokre gonger no, so kjekt med litt utfordring og forandring.

Gulrotkake med to lag ostekrem, trekk og pynt av marsipan.
Oppskrift på gulrotkake finn du HER, men eg har bytta ut smøret med 3 dl matolje.
Då blei den ekstra saftig og god!


Dåpskake til Aiden Mikal

Totalt mislykka..
dåpskake til tantegullet...

Denne kaka vart også laga forrige helg. Dessverre hadde døgnet alt for få timar.
To dåpskaker, sy kostyme til karneval og blåtur med jobben (alt dette på lørdagen).
Itillegg var det då barnedåp til tantegullet på søndagen.
OG etter 1 times bilkjøring, såg denne kaka heilt katastrofal ut, når vi kom fram.
Mykje av pynten hadde sklidd av kaka og låg på kanten av kakefatet, og bamsen hadde fått hengeører..
Bildet er tatt fra den "finaste" sida på kaka :P

Men sjølv om kaka var totalt misykka utsjånadsmessig, var smaken iallefall heilt fantastisk!
Her er det då brukt sjokoladekake, oppskrift finn du HER, delt i 3 lag, dekte bunnane med bringebærsylte frå Nora som du finn i frysedisken.
1 lag med bringebær og vaniljekrem med hvit toblerone, og 1 lag med bringebær, sjokolademousse fra Dr.Oetker og hakket sjokolade.

Trekk og pynt i marsipan.

Dåpskake til Leah



Dåpsskake
fra forrige helg...

Dessverrevart ikkje det til at eg la ut bilde av dåpskakene her på bloggen forrige helg,
men no måtte eg berre gjere det, hihi..
Denne kaka vart laga til ei som var i ein anna barnedåp der eg hadde laga ei kake, og syntes då at kaka var flott, og ville gjerne ha ei slik kake. Men ettersom dei to forskjellige dåpsbarna var kusiner (og mykje av gjestene var samme, vart vi einige i bruke hjereform istaden for prinsessekrona som vart brukt på den andre kaka). Ellers fekk eg også frie tøyler, dermed vart resultatet slik;

Sukkerbunn fylt med bringebær. Dekte då først laga med bringebærsylte frå Nora som du finn i frysedisken.
Og vaniljekrem blandet med hvit toblerone og litt krem. (smelta sjokoladen over vannbad og rørte den inn i vaniljekremen)  (vaniljekrem blandet med hvit toblerona vart ei kriseløysing ettersom tobleronekremen skilte seg då eg piska den).

Oppskrift på sukkerbrød finn du HER



Både kaka og rosene er sprayet med perlemorglans spray.
Eg synest det blir berre sooo lekkert med perlemorglansen!!