tirsdag 21. desember 2010

Julekos

I dag har eg vore heime med Snuppa mi som ikkje er heilt i form. Og når ho tok seg en formiddags blund, henta eg fram noke av kreativiteten min. Og tenkte eg skulle dele noko av det eg har laga med dåkke..
Ei gammal krukke som manglar lokk, vart ein ny bruksting med glansbilde, serviettar og hyssing også litt decopage lim.
Og fekk plass i den gamle, heimesnekkra kommoden min som eg har i gangen.

Heimelaga plommesylte på barnematglass fekk også nytt utsjånad. Her har eg brukt handlaga papir,glansbilde, decopagelim, ei gammal hekla brikke (som ikkje har kome til nytte før) og litt hyssing. Kanskje julegave til nokon?



stearinlysa vart også dekorert med glansbilde og hyssing.


Julebaksten har kome på krukker..






Også stearinlys med glansbildde og hyssing.
Julekula er kjøpt på IKEA, syntes dei var ganske dekorative med mønster på.





søndag 19. desember 2010

CELINE DION - SO THIS IS CHRISTMAS

Ei lita julehelsing fra meg til alle følgarane mine!
Celine Dion-So this is christmas er den fiinaste julesangen eg veit.
Eg hugsar ikkje heilt kor gamal eg var, men noke yngre var eg då eg fekk jule cd`en til Celine Dion av min favoritt onkel til jul eit år.
Og den har blitt tradisjon her i heimen, good JULESTEMNING får eg av denne.
Denne sangen har nok surra rundt nokre ganger i høgtalarane idag når eg har tatt julebaksten.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen min ei
RIKTIG GOD JUL!!
STOR JULEKLEM
mamma`s julehjerter!
Min favoritt innen julekaker er mamma sine julehjerter. Og i år har eg vore so heldig å fått oppskrifta, so desse vart med i julebaksten eg har holdt på med idag.
Oppskrifta var betingelses retta; Eg får ikkje dele oppskrifta med andre,
men BILDE deler eg gjerne ;)

Ha en fortsatt strålandes Søndag ;)

onsdag 15. desember 2010

HELLO KITTY, ROSA OG GLITTER
ser ut til å vere ein slager blandt søte, små, sjarmerandes 3 årige jenter.
Ein god kollega av meg har ei datter som skal feire 3 års dagen sin idag, og dermed fekk eg spørmål om eg ville lage ei kake med Hello Kitty, ettersom det stod høgt på ønskelista til 3 åringen.


Ønsker Bertine ei finfin bursdagsfeiring, og håper Hello kitty falt i smak :)

På bildet her, er ikkje sløyfa ferdig tørka, difor har eg lagt kuler av aluminiumsfolie inni sløyfene.
Sidan det skulle vere barneselskap, er det sjokoladekake (les nesquik kake) med sjokoladeglasur. Trekt med marsipan, pynt av marsipan og sukkerpasta.
Legg også ved oppskrift på ein sjokoladeglasur som er mykje bedre enn den eg har brukt tidligare;
100 g smelta smør
200 g sjokolade smeltes i smøret
Ein god slant kaffi
Rør inn melis til glasuren blir passe tjukk (skal vere litt rennandes)
1-2 eggeplommer røres inn i glasuren til slutt

tirsdag 7. desember 2010

FUGLEMAT

I adventskalenderen til mine barn, er det ikkje kvar dag dei får pakke, då er det aktiviteter istaden.
og igår var det aktivitet i kalenderen; Å lage fuglemat!
Ideèn om fuglemat fekk eg fra ein god kollega.
Nemlig å lage den i pepperkakeformer.
Vi smelta delfiafett og hadde fuglefrø oppi panna til det vart ein "graut".
Pepperkakeformene la vi utover eit brett med bakepapir. Fylte pepperkakeformene med fuglematen. Sette brettet ute og lot det stå ute natta over. Deretter trykte vi ut maten fra formene, brukte ei synål og tredde gjennom ein tynn tråd.
Fuglematen vart deretter hengt oppi eit lite tre som står ute ved siden av leikehuset til barna.
Det var Bastengullet som fekk bestemme kor vi skulle henge dei opp. Artig og igrunn litt dekorativt ute på treet! :)
Ha ei finfin veke ;)

søndag 5. desember 2010

Søndag og Sofadag!
Som følge av ein fortreffelig aften med gode kollegaer igår, har det vore mykje sofaslakking idag.
Men kvelden avslutta vi med å pynte pepperkakehus. Ferdig kjøpt vel og merke. I adventskalenderen til gulla mine, får dei i veke dagane pakke, mens på fridagar har vi aktiviteter.
So då vart det pepperkakehus pynting som stod på tapetet idag. Dette var iallefall noke Bastengullet har hatt lyst til sidan dei fekk pepperkake hus i butikkane!
Frøkensnupp, var ikkje so interessert i pynte, heller meir opptatt av å ete snopen.
Men eg trur dei begge var jevnt einige om at pepperkakehuset hadde fått nok pynt på seg, og at dei kunne ete resten. Skålene med non-stop og seigmenn var iallefall tomme.



Tantegullet 3 år!
Mitt kjære tantebarn feira 3 års dagen sin igår. Og i den anledning hadde ho prinsesse kake på ønskelista si. Det er ho som har valgt at kaka skulle vere både hjerteforma og rosa. Og då fekk eg gjere eit forsøk på å oppfylle ønsket.
Det er nesquik kake, med sjokoladeglasur, trekt med marsipan. Pusslebilde og blomster er også marsipan. Også har eg brukt rosa glitterstrøssel.