søndag 31. oktober 2010

KAKEKULE


Her har eg stukket en pinne ned i og strødd blått strøssel over.
Pynta med kvite sjokoladetoppar.
Endelig har det gått opp for meg også at kakeavskjær kan nyttast, og tryllast fram til lekre små konfekt-saker som er ypperlig til kaffien!
Her er det brukt nesquik kake avskjer, en liten dæsj sjokoladesmørkrem og philadelphia ost.
Blandast til ein fast masse som man kan trille kuler av. Vog kulene til 15 g pr. kule.
Dyppa i ein god sjokoladeglasur.
MMmmm, Nyyydelig godt!!


Barneselskap

Idag har vår 4 åring feira med barneselskap saman med alle kompisane sine, og det var STOR stas!!
Eg var so heldige å få låne muffinsstativet av ei venninde.
Muffins med sjokoladebiter med melisglasu og blått strøssel.
Etasjen med blå cellofan syntest eg vart svært dekorativ med turkis pakkebandl. Desse vart nytta istaden for "godteposar", der eg har brukt blå muffinsformer med piratar på og fylt opp med smågodt. Denne ideèn fekk eg på fredag på eg fekk det nye "MAMMA" bladet i posten, der dei hadde brukt eit slikt muffinsstativ som adventskalender og pakka inn godteri på same måten.

Igjen ønskte Basten seg Kaptein Sabeltann skute-kake.
Men sidan dei ikkje var so mangen, og det kun var barn i selskapet, vart skuta forminska ned ein god del.


Dette gjorde til at eg syntest det vart litt vanskeligare å få til skuta. Og resultatet vart laaangt dårligare enn første skuta eg lagde.
Og tolmodigheten min sank litt etter kvart som klokka tikka. Dermed ga eg egentlig opp, og skuta fekk vere slik ho vart.
(Etter eg la meg, kom eg også på at eg hadde gløymt å lage vindua som skulle vere på!!)




Til denne kaka gjekk eg også til innkjøp av gullspray. Trur eg lyt øve meg litt meir på spray`en. For trur det kom litt vel mykje ut, slik at den vart litt meir brunaktig?!? For å prøve å dempe "brunfargen" gjekk eg over med ein pensel med litt gull "støv". Då kom det seg litt...


søndag 24. oktober 2010

DEN SORTE DAME

Idag har vi feira Bastengullet vårt som blir 4 år i veka som kjem.
Og han hadde eit STORT ønske om Kaptein Sabeltan kake.
Nesquick kake men denne gangen har eg bytta ut sjokoladeglasuren med sjokolade smørkrem!
Pynt i marsipan og sukkerpasta. Kaptein Sabeltan hadde eg dessverre ikkje tid til å prøve meg på ein gang, men Basten var meget villig til å låne vekk sin Kaptein Sabeltan firgur, og vi var heilt einige i at den passa bra på kaka, so lenge det ikkje var noken som kom til å ete han :P

fredag 15. oktober 2010

KAKEUTSTILLING...
















Her er mine kreativiteter til Kakeutstillinga i Nordhordalandshallen.
Har dessverre ikkje rukket å lage so mykje som eg hadde tenkt, men får stille ut det eg har so langt. Kanskje der er eit aldri so lite håp om å rekke eit par kaker til, i kveld?
Eg GLER meg iallefall STORT!!!
No skal eg pakke i bilen og ta med meg familien min på helgatur :)
RIKTIG GOD HELG!!!!





fredag 1. oktober 2010

Nytt Kakeutstyr!


Igår hadde eg fri fra jobb, og tok difor turen til Vadheim og avlot eit lite besøk på KAKEBOKSEN.
Eg kom heim igjen med utruleg mykje fint, og riktig nok måtte eg prøve ut korleis det fungerte ettersom det var heilt nytt for meg.
Eg kjøpte FMM kant/preger sett 1,2 og 3.
I tillegg kjøpte eg glanspulver, pensler, glans spray og regnbuestøv i forskjellige fargar.
Sjølve kaka eg lagde vart til dels mislykka då den sklei ut i alle retningar (trulig for mykje fyll inni :P ) men måtte nesten legge ut bilde av mitt første forsøk på bruk kant/preger.
Ellers lyt eg sette meg i tenkeboksen, då tantegullet mitt skal feire 2 års dagen sin neste helg, og eg har frivillig meldt meg til å bake kake ;)
Er også innom tanken å slå til med ei kake til torsdag når svigermor kjem på besøk..
Ha ei fortreffelig helg!!