torsdag 24. februar 2011

Gravemaskin kake

En liten bildeserie..









Her har eg laga ein liten bildeserie av bilda eg tok mens eg lagde gravemaskinkaka. Klikk på bildet og du vil få sjå korleis eg skar til delane til gravemaskina. Dessverre fekk eg ikkje lagt til tekst med forklaring, men håper likevel at bilda kan vere av interesse og at du får eit lite innblikk i korleis du lett kan få til ei gravemaskin.
Då eg skulle lage denne kaka, var eg på leit etter ein "how to do" på dette, utan hell. Difor har eg no valgt og sette saman desse bilda ;) Er det nokon som lurer på forklaring til gravemaskin kaka er det berre å legge inn ein kommentar eller sende meg ein mail, so skal eg forsøke svare so godt eg kan ;)

søndag 20. februar 2011

BLOG-CANDY

BLOG CANDY



15 MARS 2010  hadde eg mitt første blogg innlegg..So då nærmar vi oss året! Og dette vil eg feire med ein blog-candy!!

Inneheld:
Muffinsformer
Støvbærarar
Rolling pin
Wilton engangs sprøyteposar
Kakebrett

For og vere med i trekningen av blog-candy må du vere FØLGER av bloggen min,

legg et bilde av candy`en i eit blogg innlegg eller i sidebaren din og link hit.

Legg inn ein kommentar under innlegget, slik at eg kan spore tilbake.

FRIST FOR Å DELTA; 31 MARS 2011

Gravemaskin kake

Gravemaskin kake


Mi kjære lillesøster bestilte gravemaskinkake til sin kjære som har bursdag imorgon.
Dette syntest eg vart ei utfordring. Det gikk ganske greit å skjære ut, då eg lagde to bunnar av nesquik kake, ein rund og ein firkanta. Men "armen" og grabben vart ganske vanskelig...kanskje eg hadde fått grabben bedre til om eg hadde hatt meir tid, slik at den hadde fått tørka skikkelig først. Til "armen" har eg brukt finger ladyes. Men då eg sette den opp på kaka, knakk den på midten.
Difor vart ikkje grabben sett på armen. Men ligg heller som "pynt" ved siden av.

Eg gikk også tom for marsipan, og lagde meg sukkerpasta. Men sukkerpastaen vart også noko rar, hehe..Då eg har lese at ein kan tilsette CMC for å få den meir elastisk. Men i mitt tilfelle trur eg at eg har hatt ALT for masse CMC i massen, den vart skikkelig SEIG..men men..bedre lykke neste gang, er det vel man seier ;)

Ha ei fantastisk veke, Klem

søndag 13. februar 2011

Blog-candy hos Kortdilla

I slutten av februar er det eit år sidan Kortdilla hadde sitt første blogg innlegg, og dette feirar ho med ein blog-candy!!
Sjå alt det flotte på bilde under;

Kortdilla er ein fantastisk flott blogg, og Jorill lager dei mest nyyydelige korta og lerrets bilda!
Ta ein kikk på denne flotte bloggen, og sjå alt det fiine ho lager, ANBEFALES!!

torsdag 10. februar 2011

ROSA, GLITTER OG PRINSESSE




Nesquik kake med sjokolade glasur. Trekk og pynt av marsipan.

Til denne kaka har eg brukt;
Wilton Red red farge
Wilton Pink farge
Wilton  Golden yellow farge
Wilton Lemon yellow farge
Wilton Ivory farge
Ranibow Dust Pearl Lemon Sorbet
Rainbow Dust  Pearl Blush Pink
PME Edible Lustre Spray Perlemor
Dr.Oetker Princess Lillifee rosa glitter strøssel og rosa sukkerperler
FMM Embrosser rose
Sk tusj blå
Sugargun
CK perle støvbærer
PME smoother
PME scriber needle modelling tool
PME sugarcraft kniv
ST modellerings sett/5
Wilton pensel
SK Edible Glue
FMM roseblad utstikker
Wilton roseutstikker


Sjokoladekjeks med vaniljefyll


 Oppskrift;

225 g smør  
450 g sukker 
150 g kakao      
150 g nesquik     
350 g hvetemel
2 egg
1/2 ts salt
1 ts vanilje essense                                            

Rør smør og sukker hvitt med mikseren. Bland i ett  og ett egg og vanilje essense. Bland i kakao, nesquik,  salt og hvetemel.
Del deigen i to. Legg deigen mellom to bakepapir strødd med mel og kjevle ut til ca 6 mm tykke. Behold papiret på og legg i kjøleskap i 1 time.
                                                                         
Forvarm ovnen til 180 grader.

Bruk en rund pepperkakeform ca. 5 cm i diameterog  stans ut sirkler. Plasser kjeksen på nytt bakepapir og avkjøl kjeksen i 20 min i kjøleskap. 

Stek kjeksen i ca 10 min. NB! følg nøye med, lett å brenne kjeksen! Avkjøl på rist

Fyll:
115 g smør
120 ml delfiafett
700 ml melis
1 ts vanilje essense                                      

Smelt delfiafett på svak varme. Bruk en visp og lag en kremete blanding av delfiafett og smør. Bland i vanilje essense og melis.
Legg ogg halvparten av kjeksene med undersiden opp og legg en teskje med fyll. Legg på lokket og klemm til litt så fyllet fordeler seg utover hele kjeksen.

Tips; Eg har her brukt en preger og laga eit rosemønster på kjeksen. Dekorativt ;)