torsdag 19. mai 2011

Oppsummering av mai..

Hjelpe meg so fort tida går..Ettersom eg ikkje har publisert kakene eg har baka i mai, tek eg ei lita oppsummering no...


Konfirmasjonskake ;
Her har eg brukt clear stamps som egentlig er til scrapping. Blandet litt farge på et fat og trykte stampsen i fargen og deretter trykte den på marsipan.


Marsipankake med vaniljekrem, bringebær sylte og ferske bringebær.
Her har eg brukt diamantpreger og laga flott mønster i marsipanen
 ------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Bursdagskake til Tantegullet:
Nøttebunn og sukkerbunn med pasjonsfrukt. fylt med jordbærfromasj og vaniljekrem.
Kaka vart pynta i all hast, derfor ganske enkel pynt.

 ------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Konfirmasjonskake til mi kjære kusine;

Her har eg laga en hest ettersom det er av STOR interesse.

Prøvde meg på litt andre blomster enn det eg vanlegvis bruka lage, og syntest erteblomster vart ganske fint.

Nøttebunn og sukkerbunn med pasjonsfrukt. Fylt med jordbærfromasj og pasjonsfruktkrem.
Inspirasjonen er henta frå Passions4baking

søndag 1. mai 2011

Star Wars Yoda

YODA

Her i påska fekk eg spørmål eg og hadde prøvd å lage Star Wars kake før, noko eg ikkje har laga.
Men eg tok utfordringa. Ettersom eg ikkje har noko interesse for Star Wars måtte eg spørre om det var nokon spesiell figur som var populær hos bursdagsbarnet. Og då vart det nevn Yoda. Dermed satte eg med ned og googla (noko eg sjølv meiner eg er særs god på, hihi)
Og her vart RESULTATET;




Nesquick kake med sjokoladeglasur, trekt med sukkerpasta.



Star Wars kaka skulle vere overraskelse til bursdagsbarnet,
so eg håper han vert fornøgd med å få YODA på kaka si.
Og GRATULERE MED DAGEN!



Idag skal eg nyyte SOLA ute, og kose meg med familien min. So no blir det ein liten pause med kakebaking, heilt fram til neste helg ;)
I mai blir det litt meir kakebaking enn det som har vore til no, då det er både konfirmasjonar og bursdagar. (Trur eg har iallefall minst ei kake på panelet kvar einaste helg i mai, og det LIKA eg! )

Dåpskake til Frida

So vart det kakebaking likevel..
April månad har vore ganske stille på kakefronten. Men igår som var siste dagen i april hadde eg to kaker på panelet. Lagde først denne dåpskaka, ho som skulle ha den gav meg eit bilde av ei kake ho hadde funnet på nettet, og ville ha kaka lik som den.
Dette er marsipankake; sukkerbrød fylt med eggekrem og bringebær.
All pynt er av marsipan, bortsett frå kanina som er av sukkerpasta.




Har prøvd meg på litt modellering, med denne kanina.
Utrulig kjekt! og syntes den vart ganske so søt :)

Her har eg igjen forsøkt meg på bokstav-settet mitt,
men denne gang har eg brukt marsipan, der eg la plastfolie over, før eg trykte ut
bokstavane. Det fungerte kjempe SUUPERT, berre ein kjevla marsipanen tynt nok!
Dette var eit tips eg fekk på facebook sida mi, so TUUSEN <3 takk for det gode tipset!



Eg syntest nesten det måtte vere med ein liten baby på kaka,
ettersom det er dåpskake. Og det vart godt likt :)