fredag 17. mai 2013

Verdens Beste

17 mai

Inngangspartiet var pynta med bjørk og flagg

Ettersom 17 mai toget begynner ganske seint her i bygda, starta vi dagen med
frokost besøk av gode venner.

Potetsalat, røykelaks, roastbeef, eggerøre, kokte egg, skinkepålegg, rundstykker ++
var slettes ikkje feil start på dagen. Både STORE og små koste seg, og etter frokost var det berre å sette seg ut i sola å nyte kaffikoppen mens dei små hoppa på trampoline.

Ettersom det er 1 og 7 klasse som arrangerer 17 mai, hadde eg i oppdrag å lage Verdens Beste,
noko eg aldri har laga før. Men med Besta si oppskrift kan eg ikkje sei anna enn at kaka vart suksess.
Og "heldige" som vi var, var det mykje igjen av kaka, dermed vart den med heim igjen.
Og blir nok med imorgon når vi skal på tur og feire tantegullet som vart 5 år og Frøken Snupp som snart blir 4 år.


Verdens Beste:
 
Kakebunn:
200 g smør
200 g sukker
6 eggeplomme
4 1/2 ss melk
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
200 g hvetemel
 
Rør smør og sukker hvitt. Tilsett eggeplommer, alt det tørre og melk.
Kle ei langpanne med bakepapir og smør deigen utover bakepapiret.
 
Marengs:
 
6 eggehvite
300 g sukker
 
Pisk eggehvitene stive og tilsettsukkeret, og pisk til marengsmasse.
Bre marengsen utover deigen i langpanna.
 
Steikes på 150 grader i ca 45 min.
Avkjøles på rist.
 
Fyll:
1 pk vaniljekrem
2 dl kremfløte
 
Bland vaniljekremen med pisket kremfløte.
 
Del kaka i to, legg den eine delen på eit fat, lagg på fyllet og legg den andre kaken over med marengsen opp.
 
 


tirsdag 7. mai 2013

Grove lapper med stekt eple med honning

TIL LUNSJ
idag, vart det servert grove lapper med vaniljekesam og stekt eple
når eg hadde 2 fine venninde på koselig besøk.
Oppskrift på grove lapper finn du HER
 
 
 
 
STEKT EPLE:
 
Eple
sitronsaft
kanel
honning (gjerne akasiehonning)
rosiner
 
 
Kjerne ut eple, og del opp i tynne båter.
Smelta en ørliten klatt smør i steikepanna, når panna er varm, steiker du epla, har over litt sitronsaft og krydra med kanel. Når epla begynne å bli litt mjuke, ha over honning og bland sammmen. Tilsett til slutt rosiner.
 
Best å servere mens den er lunken.


mandag 6. mai 2013

Eltefritt brød

Nokon andre enn meg som synest det er kjempe godt med heimelaga brød, men av og til strekk berre ikkje tida til?
Dette brødet treng ikkje mange minutters forberedelse, men heller litt tid i steikeovnen.
(og då kan man få gjort andre ting mens det steiker, hihi)
Og ikkje minst; Sunt og godt!
 
 
6 1/2 dl sammalt hvete
1 dl hvetemel
2 dl kruskakli
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
2 ts salt
2 ts natron
ca.1 1/2 dl sirup
1 l kefir
 
Forvarm steikeovnen til 175 grader. Bland sammen dei tørre ingrediensane. Tilsett kefir og sirup, og bland raskt sammen til ei tjukk røre. Fordel røra i to godt smurte brødfomer (små, ca 1 1/2 l)
Steik brøda  på nederste rille i ovnen i ca. 1 1/2 time. Avkjøl litt i forma før du kvelver dei over på rist og akjølast heilt.