mandag 28. mai 2012

Bryllupskake og div. oppskrifter


Bryllupskake til mi kjære svigerinne og svoger!

No i pinsehelga, lørdag 26 mai gav dei kvarandre sitt JA!
Ei stor ære å få oppdraget i å lage bryllaups kaka til dei.
Kaka vart ein liten del av bryllupsgava, eg fekk heilt frie tøyler til korleis kaka skulle sjå ut og kva kake det skulle vere.
I brudebuketten og bordoppsatsane var det lilla roser og kvite orkidèer,
dermed vart dette også på kaka.

Gratulere so mykje til Terese & Kenneth!
Øverste kaka har dessverre fått ein liten transportskade som de ser på bilde..
Øverste kake; Sukkerbunn 1 lag med sjokolademousse, 2 lag lagt eit tynt lag med bringebærsylte og deretter appelsinkrem.
Midterste kake; Sukkerbunn fylt med creme fraice krem og rabarbra/jordbær kompott.
Nederste kake; Sukkerbunn med pasjonsfrukt 1 lag med vaniljekrem og friske jordbær, 2 lag med jordbærfromage.


Også måtte eg få med eit lite bilde av den fine snuppa mi som var brudepike.




Oppskrift på sukkerbunn, Rabarbra/jorbbær kompott og creme fraice krem finn du HER.
Sjokolademoussen juksa eg med og brukte TORO, men tilsette 100 g hakka mørk sjokolade.


Oppskrift Appelsinkrem:

2 egg
1 dl sukker
1 1/2 dl kremfløte
Revet skall av 1 sitron (pass på og ikkje få med det kvite!)
Revet skall av 4 appelsiner (pass på og ikkje få med det kvite!)
5 plater gelantin

Bløtlegg gelantin i kaldt vann i ca. 5 min.
Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis.
Pisk kremfløten stiv og bland i eggedosis.
Smelt gelantin og tilsett kremen.
Tilsett revet skall av appelsin og sitron.

Avkjøl til kremen stivner.


Oppskrift Jordbærfromage:

2 pk jorbærgele
4 dl vatn
3 dl kremfløte
ca. 400 g friske jordbær

Kok opp vatn og bland i gele. Avkjøl.
Pisk kremen stiv. Bland den avkjølte gele`en i kremen. Del opp jordbær og bland i.
Avkjøl til fromagen stivner.


Oppskrift Sukkerbunn m/pasjonsfrukt:

9 egg
270 g sukker
180 g hvetemel
45 g potetmel
1/2 ts bakepulver
6 pasjonsfrukt

Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis. Bland alt det tørre og sikt det opp i eggedosis.
Vend forsiktig inn. Del pasjonsfrukt og skrap ut fruktkjøtt, vend inn i røra.

Steikes på 150 grader i ca. 40 min.

fredag 18. mai 2012

GiveAway



Inneheld:

Cupcake bok, med mange flotte oppskrifter
Strøssel
Smaksessens, Tutti frutti
1 pk Muffinsformer
1 pk Papptallerk, cupcake motiv
1 pk Servietter, cupcake motiv

TREKNING 15 JULI 2012

For og vere med i trekningen  må du vere FØLGER av bloggen min,
legg et bilde av giveaway`en i eit blogg innlegg eller i sidebaren din og link hit.
Legg inn ein kommentar under innlegget, slik at eg kan spore tilbake.