fredag 26. mars 2010

...fredagskos...
Forkjølelsen har komt snikandes inn på meg, no. Etter Cornelia var komt i seng fann eg ut det hadde vore godt og kjekt med noko ekstra godt på ein fredagskveld. Og med det samme eg tenkte tanken, fekk eg lyst på varm kakao som eg kunne "pleie" forkjølelsen med. Sebastian var heilt einige. Samtidig meinte han vi skulle ete bollar til kakoen.
Og då fekk eg tanken om å bake horn med ost og skinke.
Men klokka var litt mykje til å sette deigen, samstundes vart det eit ork.
Då vart det ein hurtigvariant, brukte NÅ pizzadeig, smurde eit lag med baconost på bunnen og dryssa smårettsbacon og revet ost over og rulla saman, so det vart snurrar.
mmm..nam nam..
Sebastian vart særs nøgde og seint i seng.








mandag 22. mars 2010

Månadens Utfordring
hos Kakeboksen...
I kveld var eg heime aleine, og tenkte dermed eg skulle nytte kvelden til å prøve noko nytt.
Fann ut eg kunne prøve ein månadens utfordring. Som skulle vere å lage påskelilje som kakepynt.
Det er første gong eg lagar slike blomar, er igrunn nøgd til å vere første gang, men klart eg ser eg kan trene meir på dette.
Litt vanskeleg var det også sidan eg nytta marsipan og ikkje sukkerpasta.
So dette vart mitt bidrag.


søndag 21. mars 2010

Sjokolademuffins :

100 g margarin
1 1/2 dl sukker
2 egg
2 1/2 dl hvetemel
1 ts bakepulver
3 ss rømme
1 ss kakao
100 g kokesjokolade

Smelt margarin. Ha sukker i ein bolle og hell margarinen over. Tilsett eit og eit egg under kraftig visping. Sikt i melet blanda med bakepulver og kakao.
Ha i rømme, og rør til slutt inn hakka sjokolade med lett hand.

Fyll muffinsformer ca. halvfulle.
Steik midt i ovnen ved 200 grader i ca. 15 minutt.
Kose Søndag og besøk..
Idag har eg vore so heldig og hatt tantegullet mitt på lån. Eg var stad å henta ho i går kveld, so ho har sove her inatt. Ho er eit år yngre enn guten min, so dei har leika seg utruleg fint ilag. Dei la seg fint i same seng igår.
So etter frokost idag, etter vi hadde rydda opp litt av leikane, då tok vi til å bake muffins.
Ungane syntes det var kjekt å få knuse kvar sitt egg i røra, og sikte i mjøl.
Og ikkje minst sette muffinsformene på steikebretta og telle dei.
Då muffinsane endeleg var ferdig steikte var det mykje tripping og klatring opp på kjøkkenbenken. Men tenke seg til at ein skulle ete middag før ein skulle få smake på muffinsane!
Det var jo ei heilt evigheit!
Men endeleg var middagen også ferdig, då var det berre å sluke i seg eit par tygge i håp om at ein skulle få smake på muffinsane.
Besøk hadde vi også fått. Ei venninde av meg og dattra som kom. (Dattra går på same avd. i barnehagen som sonen min). So det var stor stas.
Kaffi, sjokolademuffins og vaniljeis..mmm..nam nam..
Ein kjempe koseleg søndag.
No er snart ungane komt i seng, og kvelden skal nytast vidare.
Sjokolade muffins
To gode hjelpara





fredag 19. mars 2010

Fredag og husmor...
Veka har gått alt for fort. Og idag var heile familien heime. Då fann eg ut at eg skulle bake litt. Og veiret tilsa eigentleg at vi kunne vere inne idag. Eg baka både brød og laga knekkebrød idag. Ungane sprang fram og tilbake, var både med å skulle hjelpe samtidig var dei ei stund på rommet sitt å leika seg fint ilag. Cornelia som er 10 mnd stor kosa seg med å krabbe etter storebror på 3 år, og elska å studere kva han gjere på. So dei leika seg fint ilag med duplo som endte utover heile golvet både på rommet og i gangen.
Og min samboer var den som tok helgavasken idag.
Itillegg til å bake idag, måtte eg toppe det heile med heimelaga kjøttkaker til middag. Då var alle storfornøgde. Det er jammen deilig å ha slike dagen man kan putle med det man har lyst til å gjere. Ettermiddag reiste min samboer, han skal vere sjåfør i kveld. Og eg og ungane fekk besøk av ei jente vi skal passe eit par timar.
Cornelia er komt i seng, og dei to andre stor kosar seg med å leike ilag.



Her er knekkebrøda ferdige og komt på glas..

Brøda ferdige og står til avkjøling..

Knekkebrøda til avkjøling...

Brøda står til heving..



To gode hjelpara






Brødeigen



Knekkebrød røra







Nesquik Langpannekake:

150 gr smelta smør, litt avkjølt
7 1/2 dl kefirmelk
5 dl sukker
1 ss natron
2 dl Nesquik sjokoladepulver
10 dl hvetemel

Bland alle ingrediensane til kaka godt saman. Og hell allt over i en smurt form/langpanne (bakepapirkledd)Steik kaka på nederste rille i ovnen ved 200 grader i ca 25-30 minutter.Avkjøl kaka.

Glasur:
300 gr melis
100 gram smeltet smør el. margarin
4 ss Nesquik sjokoladepulver
3 ts. vaniljesukker

Bland alle ingrediensane og smør utover kaka

Lynet McQueen





Her har eg brukt nesquik kake med sjokoladeglasur.
Kaka er dekt med marsipan og sukkerpasta.

torsdag 18. mars 2010

Saftig gulrotkake

Gulrotkake:

6 egg
360 g sukker
300 g margarin
300 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
2 ts kardemomme
2 ts kanel
1 dl nøtter
2 dl rosiner
8 dl revne gulrøter

Pisk egg og sukker til ein luftig eggedosis. Smelt maragarinen og avkjøl den litt før du blandar den i eggedosisen. Bland mjøl, bakepulver, krydder og vaniljesukker saman med rosiner og hakka nøtter. Ha det i røra saman med finrevne gulrøter. Bland alt godt saman. Spray ei form på 26 cm i diameter med formfett, og dryss eit tynt lag med mjøl rundt i forma. Ha røra i forma, og steik kaka midt i ovnen på 175 grader i ca. 45 min. Lat kaka kvile i forma før den kvelvast ut på ei rist og avkjølast heilt.

Glasur:
250 g philadelphiaost
150 g margarin
300 g melis 2 ts vaniljesukker

Rør saman margarin og litt av melisen. Tilsett philadelphiaost,vaniljesukker og resten av melisen. Pisk ostekremen godt til den får ein luftig konsistens. Legg kaka på eit fat. Smør kremen over heile kaka i eit jevnt lag.
Sukkerpasta:

ca. 170 g lys sirup
4 ss vatn
2 ss Flott matfett
1 ss gelantinpulver (løysast i vatn)
ca. 1 kg melis

smak og farge


Tøm vatn i ein liten bolle og varm i mikrobølgeovn. Rør inn gelantinpulver til det er heilt oppløyst.
Hell blandinga i ein bolle. Bland inn matfett og sirup i den varme massen. Bland ein del av melisen inn. Hell massen ut på benken og kna inn resten av melisen. Det er ikkje sikkert du treng bruke all melisen, du må sjekke konsistensen. Den skal vere omlag som marsipan. Du kan tilsette forskjellige smaker i sukkerpastaen, vanilje eller mandelessens er det vanlegaste.


Gulrotkake..



Her har eg laga pynten av sukkerpasta.




tirsdag 16. mars 2010

...barnehagedagen...
So var det tirsdag igjen, og tid for å sosialisere seg igjen. Tirsdagane har eg begge ungane heime, Sebastian går kun 50 % i barnehagen. Men min samboer er for tida permitert og difor kunne eg og Cornelia reise på kroa aleine og kose oss på småbarnstreff. Snuppa sov seg igjennom heime treffet idag, so mor kunne virkelig kose seg med kaffien idag.
Det var også barnehagedagen idag, so etter vi hadde vert på kroa gjekk vi i barnehagen og møtte min samboer og Sebastian. Han syntes det var stor stas å gå i barnehagen på ein fri dag, og samtidig vise oss rundt i barnehagen. Smakspøva fekk vi også, Markellkarbonade og fiskepizza. Utruleg godt faktisk. OG inspirerandes..pizzaen hadde sjølvsagt grov bunn, eit godt og sunt alternativ som eg muligens vil prøve heime ein dag.

mandag 15. mars 2010

...her er nokre kaker eg har laga til barnedåp...




Marsipankake, farga marsipan i ulike rosa nyanser. Kanten rundt har eg bruk eit dekorband. Også lagt sjokolade-hjerter rundt fatet.


Sukkerbunn fylt med pasjonsfruktkrem. Rosa glasur av pasjonsfrukt. Og eot lag med rosa gele på toppen. Blomstrane er kunstig silkeblomster.
Er kun fantasien som set grenser for kva ein vil pynte ei kake med..