torsdag 16. februar 2012

Strawberry- kiwi cupcake

Strawberry-kiwi Cupcake

I helga som var, lagde eg cupcakes til den store gullmedalje.
Det var barnehagebasar, og då lyt alle foreldre stille til dugnad. Eg var sjølvsagt stor fornøgd med å stå på bakelista!! Og over 50 cupcakes vart til..


og sjølvasgt klarte eg ikkje late vere å pynte dei litt..


Strawberry-kiwi Cupcake:

4 egg
4 dl sukker
100 g smelta smør
2 dl melk
6 dl hvetemel
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 dråpa strawberrey-kiwi smaks essense


Pisk egg og sukker til luftig eggedosis. Slå i smelta smør. Bland saman dei tørre ingrediensane og sikt i eggedosisen, vekselsvis med melk. Til slutt tilsette du smaks essensen.
 Steikes på 170 grader i ca 10. min.

Smørkrem:

100 g smør
300 g siktet melis
1 ts vaniljesukker
2-3 dråper strawberry-kiwi essense
3 ss eplejuice

Pisk smør og melis til ein luftig og fin krem. Tilsett vaniljesukker, smaks essense og eplejuice til kremen blir lett og luftig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica