fredag 27. april 2012

Svin Ytrefilet

fylt med kremost...



Del ytrefileten på langsida, omtrent som ei åpen bok.

Smør kremost utover, eg har brukt krydder kremost, men kan sjølvsagt variere etter eget ønske.

Rull sammen ytrefileten til ei pølse.

Del opp i passe tykke skiver. og steikes på steikepanna.
Ikkje steik for lenge, då vil ytrefileten bli tørr. Skal vere saftig og god.

Eg har servert med ovnsteikte Amandinepoteter (skåret i tynne skiver, ha over litt olje, salt og pepper),
kokt brokkoli (slå av vannet og rør inn ein liten klatt smør) og
Soppstuing (ca. 300 g champingnon, som surrast i panna med ein liten smør klatt, tilsett ca. 200 g smårettsbacon og tilsett 1 boks creme fraiche, smak til med salt og pepper)


torsdag 26. april 2012

Steinbit

Steinbitfilet med stekte grønsaker, bacon og persillesaus





Steinbitfilet:

200 g skinn og beinfri filet pr. pers.
krydre steinbitfileten med fiskekrydder og litt salt.

Eg hadde steinbit som var halvfrosen, smelt RIKELIG med smør i steikepanna og legg lokk over, lat fisken koke, snu fisken så den får koke litt på begge sider.

Bacon og grønsaker:

ca 200 g bacon i små terninger, steikes til det er sprøtt.
2-3 gulrøtter i tynne skiver, bland sammen med bacon
3-4 champignon i tynne skiver, bland sammen med bacon og gulrøtter.
Tilsett ca 2 ss finhakket persille.

Persillesaus:
Slå av "fiskekrafta" du har fått av fisken du kokte ca. 3 dl
Lag maizenajevning å slå i.
Tilsett ca. 1dl rømme.
Tilsett ca. 3 ss finhakket persille.
Smak til med evt. salt og pepper. (Eg hadde mykje krydder på fisken på eg kokte den, og fekk mykje smak på krafta og trengde difor ikkje ha i noko meir krydder.)
Lat sausen koke opp og små kok i nokre minutt.

Serverast med kokte poteter.


lørdag 21. april 2012

Lofoten

Vinnar tur...

Gjennom året 2011 vart butikken eg jobba i vinnar av Osteveke. Og dermed vart det Lofot tur på meg og ni andre vinnere innen for kjeden fra heile landet som reise på tur.
Det vart ein fantastisk tur med mangen flotte opplevelser. Iløpet av 3 dager fekk vi med oss ganske mykje av Lofoten. Bla. Trollfjorden, Skrova, Svolver, Henningsvær, Kabelvåg, Aalan gård, Vikingmuseum, Lofot Akvariet og MASSE DEILIG MAT!!

Og litt bilder måtte eg sjølvsagt ta, leika meg litt med kamera og tok litt bilder i svart/kvitt:















Hehe, dette vart visst eit bilderas...men det er ein smakebit på kva eg har opplevd i lofoten.
Ettersom det vart ganske seint vi kom heim igår kveld, og tidleg på jobb idag, skal resten av helga berre nytast og eg skal slappe av.
Ha ei finfin helg!


tirsdag 17. april 2012

90 års jubilant

"Sunnfjord bunad"

Min kjære nabo ville ha ei litt spesiell kake i anledning hennar mors 90 års dag.
Eg fekk nokre ord om kva denna dama har drive med gjennom åra, blant anna har ho sydd ein del Sunnfjordbunad, og kyr og gardsdrift har ho arbeid med heile livet.
Utifrå dette fekk eg frie tøylar, og dette vart mitt resultat;




I går kveld var eg å overrekte kaka til naboen, kaka skal frysast ned før bruk, ettersom eg idag skal ta turen til Oslo for så å reise vidare til Lofoten denne veka, er eg ikkje heime då kaka eigentleg skal brukast.
Håpar frysinga går bra og at kaka ser like fin ut etter tining. Naboen var kjempe fornøgd med resultatet, og gler seg til å vise den til jubilanten, så eg er no spent på tilbakemeldinga ;)

Ha ei fortreffelig veke! ;)

FCB logo

FCBARCELONA

sukkerbunn "dynket" med nora bringebærsyltetøy, fylt med vaniljekrem og bringebær.
Trekt med marsipan.

Denne kaka var ei jente som er Barcelona fan som ville ha til bursdagen sin...
Ho har sjølv valgt korleis kaka skulle sjå ut. Og ho vart stor fornøgd med resultatet.




søndag 15. april 2012

Pizza på bål


Hyttekos i påska

Eg er nokså treig å oppdatere, men her er litt bilder frå påska.
Vi reiste som tradisjonelt på hytta til mi kjære bestemor. I år var første påska vi var på hytta heilt åleine. Vi STOR koste oss!

Frøken snupp kosa seg med juice, mens vi ventar på pizzaen skal bli ferdig.

Dette vart lunsjen vår, mini-pizza over bålet.

Mens vi venta på at pizzaen skulle bli ferdig, gravde mann og barn snøhule.

Marshmallows er eit MUST på pinnen over bålet, til "dessert" saman med kakao-koppen.


Oppskrift på mini-pizza (som vi hadde over bål), mengdene lyt ein nesten sjå litt an, eg tar ein slant her og ein slant der, hihi :)


Bunn:

hvetemel (ca. so mykje du trur du treng for ein passeleg stor deig)
1-2 ts bakepulver
1 klype salt
litt sukker
ein slant matolje
vatn til deigen blir passelig.

del deigen og trill ut boller som du så trykker flate (kjevle hadde vi ikkje på hytta :P )
legg dei flate leivane i aluminiumsfolie som du har pensla godt med matolje.

Fyll:


ca. 200 g kjøttdeig
salt
pepper
ein dæsj ketchup evt. tomatpure
litt vårløk


rømme
mais
hvitost

Brun kjøttdeig, ha i vårløken og ketchup og smak til med salt og pepper.


Smør litt rømme utover pizzabunnane, legg over kjøttdeigen, ha litt mais over og legg så på osten.

Pakk igjen aluminiumsfolien, men ikkje legg den heilt ned på osten! Då vil osten klistre seg fast i folien når den smeltar!