søndag 27. mars 2011

Muffins med blåbær og marsipan

Søndagskos med nysteike muffins
Først et lite tips som eg har lese ein eller anna plass;

Vaniljesukker med EKTE vanilje smakar mykje bedre i baksten enn. No har eg prøv ut dette, og må seie det er STOR forskjell. Og har også prøvd ut bakepulveret i same merket, men om dette er noke bedre, kan eg nok ikkje seie eg merka noko forskjell.

Då har vi endeleg stilt klokka tilbake til sommartid! Og sjølv om eg var på festeligheter igår, og av den grunn stod opp ganske seint idag, har eg likevel slått til med litt baking!
Etter ein nyydelig kveitemiddag, måtte vi nesten ha noko godt til kaffien, og MUFFINS vart det. Fekk god hjelp av Bastengullet (min 4 årige sønn). Både til å finne fram ingrediensane, måle opp og rydde inn i oppvaskmaskina. OG ikkje minst fylle opp muffinsformene! Koselig søndagsaktivitet her i heimen.
Også måtte eg nesten ta med et lite bilde av snuppa mi som omtrent slukte i seg muffinsane ;)

Oppskrift på muffins med blåbær og marsipan:

150 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
3 dl hvetemel
0,5 dl melk

blåbærsyltetøy
ca 150 g ekte marsipan

Slik gjere du:

Pisk smør og sukker. Pisk i egg, et og et om gangen.
Sikt alt det tørre og bland i røra saman med melka.
Rør til den er glatt og klumpfri.

Fyll litt røre i muffinsformene, legg så ei lita ts med blåbærsylte over røra i formene. Legg så ei tynn skive marsipan over blårærsylta, og etterfyll med røra  så dei blir ca 2/3 fulle.
Steikes i ovene på 200 grader i ca. 10-15 min. Avkjøl.

Frosting:

125 g smør
2 ts vaniljesukker
300 g melis
ca. 3 ss melk

slik gjere du:

Pisk smør, vamiljesukker og melis saman melk til ein luftig krem.
Ha kremen over i ein sprøytepose og sprøyt den på muffinsane.


Ha ei trivelig veke, Klem

søndag 20. mars 2011

Mi første stablekake!

DÅPSKAKE TIL TANTEGULLET

Då har vi komt heim etter ein kjempe fin dåp til Thalie Linnea.
Og ENDELIG kan eg legge ut bilde av dåpskaka eg lagde, som også var mi første stablekake.
Må sei eg nesten har GLEDA meg litt til å vise den fram, litt STOLT av meg sjølv, hihi :)

Nederste kaka er Red velvet med Ostekrem trekt med fondant.
Kake nr.2 er sukkerbunn fylt med vaniljekrem og blåbær, trekt med marsipan.






  og her kjem eg med eit LITE tips!
Det er ganske lenge sidan eg kjøpte dette alfabetsettet, men har ikkje fått til å bruke dei, då eg har prøvd både med marsipan OG sukkerpasta og smurt utstikkarane godt med crisco.
MEN ENDELIG fekk eg det til, då eg var heldig og fekk meg ein vareprøve på SK Sugar florist pasta!
Med denne gjekk det som ein leik! Men måtte jobbe raskt med den ettersom den tørka VELDIGVELDIG fort!


                                                       





Ønsker alle ei fin og kreativ veke!
KLEM

Stablekake

Mi første STABLE kake!

No har eg endelig fått prøvd meg på stablekake, kjempe morro!
Og tenkte her å dele mine tips med dåkke.



 Her er første kaka fylt og trekt med fondant oppå ein kakedrum.


          Då eg skulle kjøpe Dovel rods, var det dessverre utsolgt, og butikken klarte ikkje skaffe det til eg måtte bruke dei. MEN eg fekk eit SMART TIPS! Eg kunne bruke sSUGERØR!

Dermed  målte eg først høgda på kaka og klipte alle sugerøra i same lengde.            


    
Her har eg målt rundt heile kanten på kaka slik at neste kake kjem midt på, og det er like stor avstand rundt heile kaka. Eg har også laga meg merke for kor eg skal plassere kaka (kanskje litt vanskelig å sjå merka mine) itillegg har eg sett ned sugerøra (som de ser går dei kant i kant med kaka)


Her er kake nr to ferdig fylt og trekt, og klar til å plasseres på kake nr1. Plasserast innenfor merka eg lagde.

torsdag 17. mars 2011

Kakepynt

EN liten smakebit...

Her er ein aldri so liten forsmak av dåpskaka eg skal lage til mitt kjære tantegull som skal døypast på søndag. Kveldane denne veka har stort sett gått til å prøve å vere kreativ med verktøykassa og fondant mellom fingrane. Og dette er noko av resultatet;





Syntest senga vart meget skjønn, om eg skal vere ærlig. Eller kva synest de?

 Første forsøk på å bruke FI babyform..
Lenge sidan eg har laga roser no, og fann fort ut at det måtte litt trening til igjen. Også har eg brukt ferdigkjøpt fondant. Så litt uvandt i forhold til heimelaga sukkerpasta..MEN øvelse gjer meister! ;)

Ha ei fortsatt sprudlandes og kreativ veke :)