tirsdag 28. september 2010

Plommesylte

Idag vart det endå meir produksjon av plommesylte.
OG fekk eit aldri so lite innfall om å dekorere "barnemat" glasa som eg har lagra sylta på.

torsdag 23. september 2010

Haust og lite kakebaking..

Torsdag og fri fra jobb, kidsa i barnehagen, og då kosa eg meg heime heilt aleine!
Dagen har eg benytta til å gjere husarbeid, fekk skikkelig kick!! og begynte å rydde i skapa mine, utrulig mykje som samla seg opp etter ei tid.
Ellers kjøpte eg 15 kg plommer idag, og har sylta, skal bli spennandes å smake :)
Etter kidsa var komt i seng, var det heilt nydelig lys ute, dette måtte eg sjølvsagt prøve å ta bilde av! Det er då resultatet som er avbilda ovan for..
Det har vore lite kakebaking i det siste, men no når vi nærma oss oktober reknar eg med det blir noko meir, ettersom det er bursdagar på rekke og rad.
Eg har også meldt meg på Kakeutstillinga i Nordhordalandshallen 16-17 oktober, då lyt produksjonen begynne snart. Dette gler eg meg enormt til!
Eg har tidligare lova å legge ut oppskrifta på Nesquik-kake med Dots sjokolademousse og bringebærmousse, og her kjem den ;
Lag nesquik kaka etter tidligare oppskrift eg har lagt ut.
Del kaka i 3 lag.
Dots sjokolademousse;
250 g lys kokesjokolade
3 dl kremfløte
2 stk eggehviter
2 stk eggeplommer
3 ss sukker
1 pk dots sjokolade cookies
Fremgangsmåte:
Hakk sjokoladekjeksa i små biter.
Pisk eggehvitene stive.
Pisk eggeplommer med sukkeret til eggedosis.
smelt 250 g sjokolade med en liten fløteskvett på lav varme.
Pisk resten av fløten stiv. Vend inn sjokoladen, eggeplommene og til slutt eggehviten. Det skal bli en jevn masse. Vend til slutt inn sjokoladekjeksa. Fyll første laget i kaka og sett kjølig.
Bringebærmousse;
250 g bringebær
4 ss vann
4 ss sukker
5 plater gelantin
3 dl kremfløte
2 ss sukker
Fremgangsmåte;
Knus bærene med stavmikser.
Rør bringebær, vann og 4 ss sukker godt sammen.
Bløt gelantinen i kaldt vann i 10 min. Klem det meste av vannet ut.
Ha gelantinen i bringebærene og smelt på lav varme.
Visp kremfløten stiv med 2 ss sukker. Bland bærmosen forsiktig inn i kremen.
Fyll andre laget i kaka og sett kjølig.
Glasur etter oppskrift på nesquik kaka.

mandag 6. september 2010

Offesiell opning av barnehagen!
I dag var den store dagen for opninga av nye barnehagen som min sønn går i.
Fantastisk flott barnehage og ei kjempe fin opning, med mangen flotte taler,
underholdning av barna som både sang og dansa for oss.
Vi fekk til og med besøk av Kaptein Sabeltann og Langemann!
Heilt fantastisk rett og slett!
Etter alle talane og underhaldninga var det eit stort kakebord som venta på oss.
Mange gode kaker. Og eg hadde sjølvsagt også baka kake.
Ikkje heilt uventa frå meg; Nesquik kake..hehe..De har nok sikker skjønt at dette er min favoritt innan sjokoladekaker ;)
Då eg fekk spørsmål om eg ville bake ei kake, begynte eg straks å tenke på kva eg skulle pynte den med, og kom fram til at barn og sandkasse passa bra fint til anledninga,
og slik vart resultatet ein sein søndaskveld;
Pynten har eg laga av marsipan.

Sanden i sandkassa, er strøssel.
( Svigermor hadde kjøpt masse forskjellig strøssel til meg etter ein Sverigetur ;) )
Fuglen bak sandkassa er ferdig kjøpt pynt.
( Også svigermor som kjøpte etter Sverigetur)
Ha ei finfin veke alle sammen ;)