fredag 28. mai 2010

Flaskekort
Her vart det visst mangen bilder av flaskekortet...
Dette er baksida av kortet
Også baksida av kortet

Her er korter på utsida, men baksida av flaska..



Kortet på utsida, framsida av flaska






Då har eg inntatt den beste plassen i sofaen, og kvitvins glaset er fylt opp.
Gulla mine har eg lånt vekk til bestemora, dei skal vere der heile helga! første gang eg låna vekk minste jenta vår ei heil helg. Men det går nok bra tenker eg.


Imorgon skal eg og min kjære i 30 års kalas, og i den anledning har eg kjøpt ei flaske vin og laga eit flaskekort.
Eg googla litt før eg sette i gang, og fekk mine eigne ideàr til korleis kortet skulle vere. var også å shoppa litt nytt stæsj til å ha på kortet.

Her er ligger kortet flatt før det er komt på flaska.


Baksida av flaska.



Og framsida av flaska. Heilt til slutt tok eg eit dekorband på flaskehalsen. Syntest det pynta bra opp.
No skal eg berre nyte resten av fredagskvelden, og gler meg til morgon dagens 30 års kalas ;)
Ha ei riktig god helg ;)



















lørdag 22. mai 2010

SNUPPA MI 1 ÅR



Då er det barnetv tid, og oppvaskmaskina er full. Alle gjestene er reist. Utruleg kjekt å ha so mangen på besøk, trur vi hadde ca. 17 gjester. Men jammen er det deilig når alle er reist og det er stille igjen :)
Vi serverte pastasalat, kyllingfilet, grønn salat, focaccia og pølse/kjøttbollar på spyd.
Deilig smakte det, og veldig lettvindt å lage til når man er mangen.
Og kaker hadde eg sjølvsagt også. Baka muffins med skogsbær inni, nokre var pynta med rosa melisglasur medan nokre var med rosa smørkrem. Også hadde eg kjøpt ferdig prinsesse pynt som eg la på toppen. Desse har eg dessverre ikkje tatt bilde av.
Også lagde eg nøttebunn og hadde vaniljekrem oppå og på toppen hadde eg skogsbærblanding i markjordbær gele. Den smakte jammen godt, søtt og syrlig.
Som eit sunnare alternativ og ei oldemor som har diabetes kutta eg opp grønsaker; agurk, cherry tomat, gulrot, brokkoli og sukkererter og hadde dip til. Då brukte eg tomat og basilikum.
OG heilt til slutt og ikkje minst ei ekte prinsesse kake;
Nesquik kake med sjokoladeglasur, trekt med marsipan og pynt av sukkerpasta.
Får masse skryt av kor god nesquik kaka er ;)

Resten av kvelden skal eg og min lille familie berre slappe av og kose med restar av pastasalat.
Og muligens poppcorn når bursdagsbarnet har komt i seng.
OG heilt til sist når begge barn er komt i seng, blir det kanskje eit lite glas med noko kvitt!
På mandag fortsetter feiringa, då blir det vel meir kakebaking imorgon tenker eg ;)
Ha ein fin fin laurdagskveld!

tirsdag 18. mai 2010

17 mai!
Då var feiringa av 17 mai over..Nesten litt deilig å synke djupt ned i sofaen og berre slappe heilt av. Vi har vore å gått i tog, og vore på skulen og prata med masse kjekke folk, og vore med på leikar. Sebastian var stor fornøgd han fekk pengar i lommeboka si og kjøpte seg både pølse og is.
Is er jo eit must! på 17 mai.
Etter ei stund på skulen gjekk vi heim å åt rømmegraut og spekemat. Hadde også eggerøre og potetsalat, då det ikkje er alle i min lille familie som likar rømmegraut.
Koseleg besøk fekk vi også, mamma, systra mi Malin og tantegullet Thea.
Eg hadde laga nesquik kake fylt med sjokolade mousse som eg serverte dei, saman med kaffi og brus.
Sidan det er 17 mai, synest eg nesten eg må legge ut nokre bilete av dei nydelege gulla som er so fint pynta i bunadar!













Her er nesquik kaka eg lagde. Når eg lagde denne kaka fann eg ut eg skulle prøve meg på nok ei utfordring ho kakeboksen, som denne månaden var tema musikk.
Og kva er vel ikkje meir riktig enn sjølvaste nasjonalsangen på ei kake på sjølvaste nasjonaldagen?!? Eg hadde nokre restar av marsipan i raudt og blått, og lagde difor blomstrar i raudt,kvitt og blått. Syntest det passa ganske bra.
Notane har eg sjølvsagt googla opp slik at dei skal vere riktige til nasjonalsangen.


lørdag 15. mai 2010

SISTE OPPDATERING PÅ KRANSEKAKE UTFORDRING!


Då var helga komt, og konfirmasjonen står for tur idag.
Etter ein lang dag igår på jobb, var det avgårde på shopping ette konfirmasjonsgåve, og nye pen-sko til Sebastian. Dermed var eg seint heime. Fin veir var det også, dette måtte benyttast til litt beising av listene utvendig på huset. Klokka gjekk og det begynte bli kaldt, kanskje på tide å sette igang med montering av kransekaka? JA!!

Eg lagde først til melisglasuren. Og måtte ha ei sprøyte til å sprøyte ut på kranekaka. Prøvde meg først med kremmerhus av matpapir, med dette vart berre gris! Når eg klemte på kremmerhuset kom det like mykje glasur ut på toppen som det gjorde av spissen på kremmerhuset. (Eg har jo sprøytepose, men synest sprøytetippen vart for stor) Fann deretter ut eg skulle prøve med ein brødpose, og skar so tynt hull som eg klarte. Dette vart andre saker!
Eit ganske bra resultat.
Etter kransekaka var montert ville eg pynte kaka. Hadde kun marsipan i hus, og farga den lilla (har litt dilla på lilla for tida, hehe..)og stakk ut små blomster som eg pynta med litt melisglasur i midten for so og sette ei sølvkule i midten. Til å vere første kransekaka eg har laga syntest eg resultatet vart ganske bra! Eg har kjøpt smellbonbonga i sølv papir, men syntest liksom ikkje dei passa heilt på kaka når eg hadde pynta ho. Men eg skal no ta dei med, so får konfirmanten sjølv bestemme kva ho vil ha og kva ho synest er finast ;)


Her er nederst på kransekaka, lagt blomster rundt heile kanten.

Toppen av kransekaka har eg også lagt blomster rundt, men dei er litt mindre.


Slik ser heile kransekaka ut.
Ser ho litt skeiv ut? Godt mulig!

Håper konfirmanten sjølv blir fornøgd med resultatert og gjestene synest ho smaka godt ;)
Ha ei riktig god helg!



torsdag 13. mai 2010

Lynet McQueen 2

LYNET MCQUEEN!
Etter jobb idag, var det rett heim for å gjere ferdig Lynet McQueen kaka som eg har på bestilling til imåra. Dette er den andre Lynet McQueen kaka eg laga.
Jammen tek det lang tid å gjere siste finishen! Men kjekt er det!
Har også funne ut at guttungen sitt utstyr til Play Dough fint går å bruke til kakedekorering!
Tok å vaska sprøyta og lagde ein fin svart kant heilt neders på kaka ;)
Min kjære såg noke rart på meg, når eg stod å sprøyte ut borda med guttungen sitt Play dough utstyr. hehe..
Håper jubilanten som skal ha kaka blir fornøgde!
Har eit aldri so lite problem med å finne ut kva eg skal pakke kaka i.
Kaketina eg tenke å bruke var visst alt for lita, so det lyt eg gruble litt på no.
Ha ein fortsatt fin kveld!

tirsdag 11. mai 2010

Kake baking..
Etter ein lang dag på jobb og møte etter jobb, var det heim og begynne å bake kaka som eg har fått på bestilling. Skal lage ei Lynet McQueen kake..
Har i kveld fått laga kakebunnen og skåret ut til ein bil. Og smurd på glasur.
I morgon blir det å trekke den med marsipan og sukkerpasta.
Dette er den 2 lynet mcqueen kaka eg lagar. So det blir spennandes å sjå om eg klare å få den til denne gangen også. Og om klare å levere til forventningane ;)
Håper og satser på at kaka blir bra :)


søndag 9. mai 2010

Bursdagskort til tantegullet..
I morgon skal vi ein dagstur til sandane for å feire 2 års dagen til tantegullet vårt Amalie.
Etter ein heil dag ute i sola, med beising av rekkverk på verandaen, maling av døra på leikehytta og bilvask, fann eg ut det kanskje var høgst på tide å lage eit lite bursdagskort.
Men det vart sånn i full fart sida det er so seint på kveld no, og egentlig vil finne senga.

Her er framsida..


Kortet inni...
Her gjorde eg ein skikkeleg bommert på venstre side av kortet.
Skulle skrive eit lite dikt, og klarte sjølvsagt ikkje få heile diktet inni den lille rubrikken som eg hadde tenkt..



søndag 2. mai 2010

Kransekakeutfordringa...
I dag gjekk eg igang med forsøk nr.2 av kransekake baking. Skal seie det ikkje var so enkelt som eg hadde trudd! hehe..
Første forsøk vart totalt fiasko. Når kransekakene var komt i ovnen esa ringane utover og festa seg saman i kvarandre. OG då eg skulleta dei ut av formene sat alle fast. Totalt var det vel kanskje fire ringar eg klarte å få heile ut av formene.
Men eg kunne då glede både min samboer, mine barn og mine arbeidskollegaer med smaksprøve! hihi :) Og gode vart dei, seige også. Akkurat slik eg ville ha dei.
Eg fekk i etterkant fleire gode råd om kva eg skulle gjere;
- skylle "non stick" formene i varmt vatn og pensle med olje
- kransekakene må vere heilt avkjølt før du tek dei ut av formene
- om kransekake sit fast kan ein dunke formene litt i bordet, slik at dei slepp taket
- ein kan også drysse litt mjøl i formene, men husk å snu dei oppned å dunk ut overflødig mjøl
Forsøk nr.2...Eg fekk også eit tips om å prøve å bruke 1 mindre eggekvite enn det som står i oppskrifta eg valde å bruke. Og det prøvde eg på no. Dvs. eg brukte 3 eggekvite på 500 g mandlar og 500 gram melis.
Massen vart mykje fastare og mykje lettare å trille ut.
Eg skålte formene i varmt vatn og smurde dei godt med olje.
Det såg heilt perfekt ut, syntest eg.
Men då kakene var komt ut av ovnen og var heilt avkjølt, og eg skulle ta dei ut av ringane sat dei fast! Men med mykje tålmodighet (noke eg har svært lite av), litt hjelp av ein kniv og litt dunking i bordet var det kun 2 ringar som vart øydelagde.
Igrunn godt fornøgd då. Men desse "non stick" formene trur eg kan døypast om.
Kanskje eg neste gang prøver ut tipset eg fekk om å drysse kveitemjøl i formene.
Men her kjem eg med eit eget tips; har du deig til overs, kan det vere lurt å spare på den til du veit om alle ringane er blitt vellykka!
(ikkje som eg gjorde om trilla dei ut til stenger som smaksprøve.)
Det blir nok smaksprøve på mine kollegaer i morgon også :)
Her er resultat av mine kransekakeringer;
So kjem eg tilbake med meir bilde når den er ferdig montert og pynta. No skal den i frysen so lenge..

lørdag 1. mai 2010

Fredagskos med cider og kortlaging..
Etter ein lang arbeidsdag og shopping etter jobb, var eg nokså trøtt til å begynne på helga vasken. Ettersom eg ko seint heim igjen, fekk ungane vere oppe litt lengre enn til vanleg so vi kunne kose og leike litt.
Etter ungane var komt i seng, fann eg ut eg virkelig skulle kose meg med ein cider, og lage eit Konfirmasjonskort. Vi skal då i konfirmasjon til kusina til min samboer. (Også dein konfirmasjonen eg skal prøve å lage kransekake til.)
No er vi alt komt til 1. mai og då går tida jammen fort.
Best å få unna ting so fort som mulig ;)
Her vart då resultatet av kveldens konfirmasjonskort;

Kortet inni..

Og kortet på framsida..


Eg har dessverre ikkje klart å få fram fargane på bilda eg tok.
Det syntest eg var svært vanskeleg. Men det er vel kanskje fordi det er litt for mørkt inne (har ikkje blitz på kamera).