lørdag 22. mai 2010

SNUPPA MI 1 ÅR



Då er det barnetv tid, og oppvaskmaskina er full. Alle gjestene er reist. Utruleg kjekt å ha so mangen på besøk, trur vi hadde ca. 17 gjester. Men jammen er det deilig når alle er reist og det er stille igjen :)
Vi serverte pastasalat, kyllingfilet, grønn salat, focaccia og pølse/kjøttbollar på spyd.
Deilig smakte det, og veldig lettvindt å lage til når man er mangen.
Og kaker hadde eg sjølvsagt også. Baka muffins med skogsbær inni, nokre var pynta med rosa melisglasur medan nokre var med rosa smørkrem. Også hadde eg kjøpt ferdig prinsesse pynt som eg la på toppen. Desse har eg dessverre ikkje tatt bilde av.
Også lagde eg nøttebunn og hadde vaniljekrem oppå og på toppen hadde eg skogsbærblanding i markjordbær gele. Den smakte jammen godt, søtt og syrlig.
Som eit sunnare alternativ og ei oldemor som har diabetes kutta eg opp grønsaker; agurk, cherry tomat, gulrot, brokkoli og sukkererter og hadde dip til. Då brukte eg tomat og basilikum.
OG heilt til slutt og ikkje minst ei ekte prinsesse kake;
Nesquik kake med sjokoladeglasur, trekt med marsipan og pynt av sukkerpasta.
Får masse skryt av kor god nesquik kaka er ;)

Resten av kvelden skal eg og min lille familie berre slappe av og kose med restar av pastasalat.
Og muligens poppcorn når bursdagsbarnet har komt i seng.
OG heilt til sist når begge barn er komt i seng, blir det kanskje eit lite glas med noko kvitt!
På mandag fortsetter feiringa, då blir det vel meir kakebaking imorgon tenker eg ;)
Ha ein fin fin laurdagskveld!

5 kommentarer:

  1. Ei nydelig kake til ei nydelig jente :))) Gleder meg til å smake!!! Klem

    SvarSlett
  2. Hehe..ja då spørst det om det er meir igjen :P

    SvarSlett
  3. Blir så imponert av å sjå alle dei fantastiske kakene dine! Du er jo så utruli flink! Veit iallefall kven som får oppdrag om nokre år! ;) hihi Håpar ellers alt er bra med dåkke alle!

    SvarSlett
  4. Det ble ei flott kake Monica ;o)
    Og nå har jeg kost meg gjennom masse flott her på bloggen din..
    Synes også du var kjempe flink med din første kransekake ;o)

    SvarSlett
  5. Takker for det :) Vart vel igrunn fornøgd med mi første kransekake, sjølv om den vart noko skeiv :) Smaken var iallefall god og fekk den heilt perfekt seig!

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica