torsdag 13. mai 2010

Lynet McQueen 2

LYNET MCQUEEN!
Etter jobb idag, var det rett heim for å gjere ferdig Lynet McQueen kaka som eg har på bestilling til imåra. Dette er den andre Lynet McQueen kaka eg laga.
Jammen tek det lang tid å gjere siste finishen! Men kjekt er det!
Har også funne ut at guttungen sitt utstyr til Play Dough fint går å bruke til kakedekorering!
Tok å vaska sprøyta og lagde ein fin svart kant heilt neders på kaka ;)
Min kjære såg noke rart på meg, når eg stod å sprøyte ut borda med guttungen sitt Play dough utstyr. hehe..
Håper jubilanten som skal ha kaka blir fornøgde!
Har eit aldri so lite problem med å finne ut kva eg skal pakke kaka i.
Kaketina eg tenke å bruke var visst alt for lita, so det lyt eg gruble litt på no.
Ha ein fortsatt fin kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica