lørdag 15. mai 2010

SISTE OPPDATERING PÅ KRANSEKAKE UTFORDRING!


Då var helga komt, og konfirmasjonen står for tur idag.
Etter ein lang dag igår på jobb, var det avgårde på shopping ette konfirmasjonsgåve, og nye pen-sko til Sebastian. Dermed var eg seint heime. Fin veir var det også, dette måtte benyttast til litt beising av listene utvendig på huset. Klokka gjekk og det begynte bli kaldt, kanskje på tide å sette igang med montering av kransekaka? JA!!

Eg lagde først til melisglasuren. Og måtte ha ei sprøyte til å sprøyte ut på kranekaka. Prøvde meg først med kremmerhus av matpapir, med dette vart berre gris! Når eg klemte på kremmerhuset kom det like mykje glasur ut på toppen som det gjorde av spissen på kremmerhuset. (Eg har jo sprøytepose, men synest sprøytetippen vart for stor) Fann deretter ut eg skulle prøve med ein brødpose, og skar so tynt hull som eg klarte. Dette vart andre saker!
Eit ganske bra resultat.
Etter kransekaka var montert ville eg pynte kaka. Hadde kun marsipan i hus, og farga den lilla (har litt dilla på lilla for tida, hehe..)og stakk ut små blomster som eg pynta med litt melisglasur i midten for so og sette ei sølvkule i midten. Til å vere første kransekaka eg har laga syntest eg resultatet vart ganske bra! Eg har kjøpt smellbonbonga i sølv papir, men syntest liksom ikkje dei passa heilt på kaka når eg hadde pynta ho. Men eg skal no ta dei med, so får konfirmanten sjølv bestemme kva ho vil ha og kva ho synest er finast ;)


Her er nederst på kransekaka, lagt blomster rundt heile kanten.

Toppen av kransekaka har eg også lagt blomster rundt, men dei er litt mindre.


Slik ser heile kransekaka ut.
Ser ho litt skeiv ut? Godt mulig!

Håper konfirmanten sjølv blir fornøgd med resultatert og gjestene synest ho smaka godt ;)
Ha ei riktig god helg!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica