søndag 2. mai 2010

Kransekakeutfordringa...
I dag gjekk eg igang med forsøk nr.2 av kransekake baking. Skal seie det ikkje var so enkelt som eg hadde trudd! hehe..
Første forsøk vart totalt fiasko. Når kransekakene var komt i ovnen esa ringane utover og festa seg saman i kvarandre. OG då eg skulleta dei ut av formene sat alle fast. Totalt var det vel kanskje fire ringar eg klarte å få heile ut av formene.
Men eg kunne då glede både min samboer, mine barn og mine arbeidskollegaer med smaksprøve! hihi :) Og gode vart dei, seige også. Akkurat slik eg ville ha dei.
Eg fekk i etterkant fleire gode råd om kva eg skulle gjere;
- skylle "non stick" formene i varmt vatn og pensle med olje
- kransekakene må vere heilt avkjølt før du tek dei ut av formene
- om kransekake sit fast kan ein dunke formene litt i bordet, slik at dei slepp taket
- ein kan også drysse litt mjøl i formene, men husk å snu dei oppned å dunk ut overflødig mjøl
Forsøk nr.2...Eg fekk også eit tips om å prøve å bruke 1 mindre eggekvite enn det som står i oppskrifta eg valde å bruke. Og det prøvde eg på no. Dvs. eg brukte 3 eggekvite på 500 g mandlar og 500 gram melis.
Massen vart mykje fastare og mykje lettare å trille ut.
Eg skålte formene i varmt vatn og smurde dei godt med olje.
Det såg heilt perfekt ut, syntest eg.
Men då kakene var komt ut av ovnen og var heilt avkjølt, og eg skulle ta dei ut av ringane sat dei fast! Men med mykje tålmodighet (noke eg har svært lite av), litt hjelp av ein kniv og litt dunking i bordet var det kun 2 ringar som vart øydelagde.
Igrunn godt fornøgd då. Men desse "non stick" formene trur eg kan døypast om.
Kanskje eg neste gang prøver ut tipset eg fekk om å drysse kveitemjøl i formene.
Men her kjem eg med eit eget tips; har du deig til overs, kan det vere lurt å spare på den til du veit om alle ringane er blitt vellykka!
(ikkje som eg gjorde om trilla dei ut til stenger som smaksprøve.)
Det blir nok smaksprøve på mine kollegaer i morgon også :)
Her er resultat av mine kransekakeringer;
So kjem eg tilbake med meir bilde når den er ferdig montert og pynta. No skal den i frysen so lenge..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica