tirsdag 18. mai 2010

17 mai!
Då var feiringa av 17 mai over..Nesten litt deilig å synke djupt ned i sofaen og berre slappe heilt av. Vi har vore å gått i tog, og vore på skulen og prata med masse kjekke folk, og vore med på leikar. Sebastian var stor fornøgd han fekk pengar i lommeboka si og kjøpte seg både pølse og is.
Is er jo eit must! på 17 mai.
Etter ei stund på skulen gjekk vi heim å åt rømmegraut og spekemat. Hadde også eggerøre og potetsalat, då det ikkje er alle i min lille familie som likar rømmegraut.
Koseleg besøk fekk vi også, mamma, systra mi Malin og tantegullet Thea.
Eg hadde laga nesquik kake fylt med sjokolade mousse som eg serverte dei, saman med kaffi og brus.
Sidan det er 17 mai, synest eg nesten eg må legge ut nokre bilete av dei nydelege gulla som er so fint pynta i bunadar!













Her er nesquik kaka eg lagde. Når eg lagde denne kaka fann eg ut eg skulle prøve meg på nok ei utfordring ho kakeboksen, som denne månaden var tema musikk.
Og kva er vel ikkje meir riktig enn sjølvaste nasjonalsangen på ei kake på sjølvaste nasjonaldagen?!? Eg hadde nokre restar av marsipan i raudt og blått, og lagde difor blomstrar i raudt,kvitt og blått. Syntest det passa ganske bra.
Notane har eg sjølvsagt googla opp slik at dei skal vere riktige til nasjonalsangen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica