mandag 15. april 2013

Hjemmelaget babygrøt

Babygraut...

Lisjeklompen i huset et allerede 6 1/2 mnd, og dermed er vi godt i gang med fast føde no.
Ettersom eg trivast godt på kjøkkenet og likar å lage mat, synest eg også det er kjekt og spennandes å lage heimelaga babymat. Grauten kan ein faktisk også lage sjølv, og eg har funne ut at det ikkje tek so mykje lengre tid enn dei ferdige pakkane, bortsett frå at ein må tilsette morsmelk/erstatning.
Og tenkte difor å dele med dykk her nokre oppskrifter eg bruker.

Hirsegraut:
ca.2 dl

2 dl vatn
1/2 dl hirseflak
litt morsmelk/erstatning
evt. smakstilsetting: eplemost, most banan, aprikospurè

Kok opp vatn. Visp hirseflak i det kokande vatnet, og la det småkoke eit par minutt. Avkjøl litt. Spe på med morsmelk/erstatning til du får ein passe konsistens som barnet liker.

Graut av andre mjølsortar:
Du kan bruke havremel, bygg eller rismel.

2 ss mel
1 dl vatn
litt morsmelk/erstatning 

Rør mjølet ut i vatn, og kok opp. La det småkoke eit 2-3 minutt. Avkjøl litt. Spe på med morsmelk/erstatning til du får ein passe konsistens.

Ein kan koke graut i ein litt større kjele, avkjøle grauten og porsjonere den i beger (NB! ikkje tilsett morsmelk før du skal bruke grauten).  Grauten held seg i kjøleskapet  i ca. 3 dagar. Varmast opp i vannbad, og tilsett morsmelk når du skal bruke grauten.

Aprikospurè:

Tørkede aprikoser
vatn

Ha dei tørkede aprikoser i ein kjele, og ha over vatn slik at det dekker akkurat over aprikosane. Kok aprikosane til dei er heilt mjuke. Slå av vatnet og mos aprikosane  med ein stavmikser, spe evt. med litt av kokevatnet.

Du kan også lage din eigen Sviskemos på akkurat same måte som aprikospurè.

Fyll mosen f.eks. i isterningbrett og frys dei. Då har ein akkurat passelige porsjoner til å bruke som smakstilsetting i grauten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica