søndag 9. oktober 2011

Dåpskake til Aiden Mikal

Totalt mislykka..
dåpskake til tantegullet...

Denne kaka vart også laga forrige helg. Dessverre hadde døgnet alt for få timar.
To dåpskaker, sy kostyme til karneval og blåtur med jobben (alt dette på lørdagen).
Itillegg var det då barnedåp til tantegullet på søndagen.
OG etter 1 times bilkjøring, såg denne kaka heilt katastrofal ut, når vi kom fram.
Mykje av pynten hadde sklidd av kaka og låg på kanten av kakefatet, og bamsen hadde fått hengeører..
Bildet er tatt fra den "finaste" sida på kaka :P

Men sjølv om kaka var totalt misykka utsjånadsmessig, var smaken iallefall heilt fantastisk!
Her er det då brukt sjokoladekake, oppskrift finn du HER, delt i 3 lag, dekte bunnane med bringebærsylte frå Nora som du finn i frysedisken.
1 lag med bringebær og vaniljekrem med hvit toblerone, og 1 lag med bringebær, sjokolademousse fra Dr.Oetker og hakket sjokolade.

Trekk og pynt i marsipan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica