søndag 25. september 2011

Hvit toblerone muffins



"Kem skal ete desse kakene? "

Var spørsmålet fra gulla mine, då eg sette igang å lage muffins idag.
Og jubelen var STOR då eg sa VI skulle ete dei når vi fekk kaffibesøk!
So ivrige at dei klarte nesten ikkje vente, og sleika i seg det dei kunne sleike i seg av røra og mousse.

Og eg klarte sjølvsagt ikkje motstå fristelsen til å kjøpe desse for å prøve dei ut.

Oppskrift; rester av sjokoladekake, eg har då brukt denne SJOKOLADEKAKA, som eg smuldra heilt opp.
Smelta 100g smør og 100 g kokesjokolade og tilsette 100 g melis i den smelta sjokoladen/smøret. Deretter tilsette eg
kakesmulane og blanda dette godt saman. Tok ei god tsk av massen og rulla til ei kule, som eg plasserte i små muffinsformer. Sette dette til kjøling ei lita stund.
Brukte 1 pose jordbærmousse fra Dr. Oetker og lagde etter anvisning på pakken. Fylte i ein sprøytepose og toppet kakekulene. Sette i kjøleskap fram til servering.


HVIT TOBLERONE MUFFINS
(ja, eg er blitt heilt hekta på hvit toblerone!!hihi :)




Oppskrift;

100 g smør
100 g hvit toblerone
2 egg
2 ts vaniljesukker
2 dl sukker
2 1/2 dl hvetemel

Smelt smør på lav varme. Avkjøl litt. Hakk tobleronen i små biter og bland i det avkjølte smøret.
Pisk egg, sukker og vaniljesukker til luftig eggedosis. Bland i sjokoladeblandingen. Bland i hvetemelet.
Ha i muffinsformer. Steikes ved 170 grader i ca. 10 min. Avkjøl.

Til topping har eg brukt 1 pose vaniljemousse fra Dr. Oetker. Lag etter anvist på pakket. Fyll i sprøytepose og sprøytes på muffinsen. Sett til avkjøling fram til servering, så moussen får "sette" seg litt.

Desse muffinsane var etter mi meining heilt HIMMELSKE!! Kan absolutt anbefalast!
Gulla viste også teikn til at dei falt i smak, då dei omtrent blei slukt på høgkant :P


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica