tirsdag 21. desember 2010

Julekos

I dag har eg vore heime med Snuppa mi som ikkje er heilt i form. Og når ho tok seg en formiddags blund, henta eg fram noke av kreativiteten min. Og tenkte eg skulle dele noko av det eg har laga med dåkke..
Ei gammal krukke som manglar lokk, vart ein ny bruksting med glansbilde, serviettar og hyssing også litt decopage lim.
Og fekk plass i den gamle, heimesnekkra kommoden min som eg har i gangen.

Heimelaga plommesylte på barnematglass fekk også nytt utsjånad. Her har eg brukt handlaga papir,glansbilde, decopagelim, ei gammal hekla brikke (som ikkje har kome til nytte før) og litt hyssing. Kanskje julegave til nokon?



stearinlysa vart også dekorert med glansbilde og hyssing.


Julebaksten har kome på krukker..






Også stearinlys med glansbildde og hyssing.
Julekula er kjøpt på IKEA, syntes dei var ganske dekorative med mønster på.





3 kommentarer:

  1. Så fin bloggen din er, skal legge den til!
    Riktig god jul til deg og familien din!! Klem

    SvarSlett
  2. Takker for det, og syntes det var svært stas å sjå at eg hadde fått ein ny følgar her på bloggen! :))

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica