søndag 2. januar 2011

GODT NYTT ÅR!!
Først må eg få ønske alle som er innom bloggen min eit Riktig Godt Nytt År!
I dag feira vi 3 årsdagen til lisjesysta mi, HIPP HURRAAA!!
Eg tok på meg oppgåva å pynte sjokoladekaka som var laga i bamseform, skulle bli OLE BRUMM...
Og sette dermed i gang å lage sukkerpasta...
MEN merkelig vart den, både GUL og vanskelig å jobbe med..Skulle gjerne visst kva eg gjorde gale..Ikkje veit eg..Og OleBrumm vart no som den vart, eg var laaangt i fra fornøgd med kakedekoreringa mi..MEN BURSDAGSBARNET vart stor fornøgd og drog no kjensel på at det var OLE BRUMM ;)

Og dermed fann eg ut at eg kunne no vise ÅRETS FØRSTE kake, som vart MISLYKKA( i kakepyntinga ).
Og jammen godt vi har maaangen daga i det nye året på å kunne både lage og pynte mangen mangen nye KAKER ;))


Ha ein finfin start på det nye året og veka som kjem :)
KLEM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica