tirsdag 7. desember 2010

FUGLEMAT

I adventskalenderen til mine barn, er det ikkje kvar dag dei får pakke, då er det aktiviteter istaden.
og igår var det aktivitet i kalenderen; Å lage fuglemat!
Ideèn om fuglemat fekk eg fra ein god kollega.
Nemlig å lage den i pepperkakeformer.
Vi smelta delfiafett og hadde fuglefrø oppi panna til det vart ein "graut".
Pepperkakeformene la vi utover eit brett med bakepapir. Fylte pepperkakeformene med fuglematen. Sette brettet ute og lot det stå ute natta over. Deretter trykte vi ut maten fra formene, brukte ei synål og tredde gjennom ein tynn tråd.
Fuglematen vart deretter hengt oppi eit lite tre som står ute ved siden av leikehuset til barna.
Det var Bastengullet som fekk bestemme kor vi skulle henge dei opp. Artig og igrunn litt dekorativt ute på treet! :)
Ha ei finfin veke ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica