Bryllupskake til mi kjære svigerinne og svoger!
No i pinsehelga, lørdag 26 mai gav dei kvarandre sitt JA!
Ei stor ære å få oppdraget i å lage bryllaups kaka til dei.
Kaka vart ein liten del av bryllupsgava, eg fekk heilt frie tøyler til korleis kaka skulle sjå ut og kva kake det skulle vere.
I brudebuketten og bordoppsatsane var det lilla roser og kvite orkidèer,
dermed vart dette også på kaka.
Gratulere so mykje til Terese & Kenneth!
Også måtte eg få med eit lite bilde av den fine snuppa mi som var brudepike.
Oppskrift på sukkerbunn, Rabarbra/jorbbær kompott og creme fraice krem finn du HER.
Sjokolademoussen juksa eg med og brukte TORO, men tilsette 100 g hakka mørk sjokolade.
Oppskrift Appelsinkrem:
2 egg
1 dl sukker
1 1/2 dl kremfløte
Revet skall av 1 sitron (pass på og ikkje få med det kvite!)
Revet skall av 4 appelsiner (pass på og ikkje få med det kvite!)
5 plater gelantin
Bløtlegg gelantin i kaldt vann i ca. 5 min.
Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis.
Pisk kremfløten stiv og bland i eggedosis.
Smelt gelantin og tilsett kremen.
Tilsett revet skall av appelsin og sitron.
Avkjøl til kremen stivner.
Oppskrift Jordbærfromage:
2 pk jorbærgele
4 dl vatn
3 dl kremfløte
ca. 400 g friske jordbær
Kok opp vatn og bland i gele. Avkjøl.
Pisk kremen stiv. Bland den avkjølte gele`en i kremen. Del opp jordbær og bland i.
Avkjøl til fromagen stivner.
Oppskrift Sukkerbunn m/pasjonsfrukt:
9 egg
270 g sukker
180 g hvetemel
45 g potetmel
1/2 ts bakepulver
6 pasjonsfrukt
Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis. Bland alt det tørre og sikt det opp i eggedosis.
Vend forsiktig inn. Del pasjonsfrukt og skrap ut fruktkjøtt, vend inn i røra.
Steikes på 150 grader i ca. 40 min.
|