mandag 28. mai 2012

Bryllupskake og div. oppskrifter


Bryllupskake til mi kjære svigerinne og svoger!

No i pinsehelga, lørdag 26 mai gav dei kvarandre sitt JA!
Ei stor ære å få oppdraget i å lage bryllaups kaka til dei.
Kaka vart ein liten del av bryllupsgava, eg fekk heilt frie tøyler til korleis kaka skulle sjå ut og kva kake det skulle vere.
I brudebuketten og bordoppsatsane var det lilla roser og kvite orkidèer,
dermed vart dette også på kaka.

Gratulere so mykje til Terese & Kenneth!
Øverste kaka har dessverre fått ein liten transportskade som de ser på bilde..
Øverste kake; Sukkerbunn 1 lag med sjokolademousse, 2 lag lagt eit tynt lag med bringebærsylte og deretter appelsinkrem.
Midterste kake; Sukkerbunn fylt med creme fraice krem og rabarbra/jordbær kompott.
Nederste kake; Sukkerbunn med pasjonsfrukt 1 lag med vaniljekrem og friske jordbær, 2 lag med jordbærfromage.


Også måtte eg få med eit lite bilde av den fine snuppa mi som var brudepike.




Oppskrift på sukkerbunn, Rabarbra/jorbbær kompott og creme fraice krem finn du HER.
Sjokolademoussen juksa eg med og brukte TORO, men tilsette 100 g hakka mørk sjokolade.


Oppskrift Appelsinkrem:

2 egg
1 dl sukker
1 1/2 dl kremfløte
Revet skall av 1 sitron (pass på og ikkje få med det kvite!)
Revet skall av 4 appelsiner (pass på og ikkje få med det kvite!)
5 plater gelantin

Bløtlegg gelantin i kaldt vann i ca. 5 min.
Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis.
Pisk kremfløten stiv og bland i eggedosis.
Smelt gelantin og tilsett kremen.
Tilsett revet skall av appelsin og sitron.

Avkjøl til kremen stivner.


Oppskrift Jordbærfromage:

2 pk jorbærgele
4 dl vatn
3 dl kremfløte
ca. 400 g friske jordbær

Kok opp vatn og bland i gele. Avkjøl.
Pisk kremen stiv. Bland den avkjølte gele`en i kremen. Del opp jordbær og bland i.
Avkjøl til fromagen stivner.


Oppskrift Sukkerbunn m/pasjonsfrukt:

9 egg
270 g sukker
180 g hvetemel
45 g potetmel
1/2 ts bakepulver
6 pasjonsfrukt

Pisk egg og sukker til lys og luftig eggedosis. Bland alt det tørre og sikt det opp i eggedosis.
Vend forsiktig inn. Del pasjonsfrukt og skrap ut fruktkjøtt, vend inn i røra.

Steikes på 150 grader i ca. 40 min.

2 kommentarer:

  1. Hei Monica og takk for en fantastisk kreativ og inspirerende blogg :-)
    Pynten på bryllupskaka, har du laget den selv og evt hvordan?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei, Tusen takk for hyggelig kommentar, og koselig at du er innom bloggen :)
      Pynten på bryllupskaka har eg laga sjølv, ja. Til orikdèane har eg brukt Sunflower Orkidè utstikker og til rosene har eg brukt Wilton rose utstikker, går du inn på www.kakeboksen.no og ser på "gjør det selv" er der ganske fine beskrivelser på korleis du laga blomstrane. Også har eg brukt en støypeform i silikon til perle kanten rundt kaka ;)

      Dessverre blir det nok litt stille her på bloggen min framover, pga bekkenløsning blir det omtrent ikkje kakebaking på meg, men eg lovar å komme sterkare tilbake seinare på høsten. Håpar likevel du vil følge med på bloggen ;)

      Slett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica