søndag 15. april 2012

Pizza på bål


Hyttekos i påska

Eg er nokså treig å oppdatere, men her er litt bilder frå påska.
Vi reiste som tradisjonelt på hytta til mi kjære bestemor. I år var første påska vi var på hytta heilt åleine. Vi STOR koste oss!

Frøken snupp kosa seg med juice, mens vi ventar på pizzaen skal bli ferdig.

Dette vart lunsjen vår, mini-pizza over bålet.

Mens vi venta på at pizzaen skulle bli ferdig, gravde mann og barn snøhule.

Marshmallows er eit MUST på pinnen over bålet, til "dessert" saman med kakao-koppen.


Oppskrift på mini-pizza (som vi hadde over bål), mengdene lyt ein nesten sjå litt an, eg tar ein slant her og ein slant der, hihi :)


Bunn:

hvetemel (ca. so mykje du trur du treng for ein passeleg stor deig)
1-2 ts bakepulver
1 klype salt
litt sukker
ein slant matolje
vatn til deigen blir passelig.

del deigen og trill ut boller som du så trykker flate (kjevle hadde vi ikkje på hytta :P )
legg dei flate leivane i aluminiumsfolie som du har pensla godt med matolje.

Fyll:


ca. 200 g kjøttdeig
salt
pepper
ein dæsj ketchup evt. tomatpure
litt vårløk


rømme
mais
hvitost

Brun kjøttdeig, ha i vårløken og ketchup og smak til med salt og pepper.


Smør litt rømme utover pizzabunnane, legg over kjøttdeigen, ha litt mais over og legg så på osten.

Pakk igjen aluminiumsfolien, men ikkje legg den heilt ned på osten! Då vil osten klistre seg fast i folien når den smeltar!





1 kommentar:

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica