fredag 2. desember 2011

Salmalaks på 5 minutter

Lettvint Salmalaks på 5 minutt!

Dagen idag vart noko "rotete", då eg BRÅ vakna kl. 08.30 (og eg skulle vere på jobb kl.09.00, og har 20 min å kjøre til jobb). So alt skjedde i hastverk idag tidleg, reiv gulla opp i senga, på med kleda og rett i barnehagen ( TAKK og lov for at dei får frokost i barnehagen!! ) Og ringde sjølvsagt å sa ifra at eg kom for seint. Ettersom eg kom ein halv time for seint, tok eg igjen den halvtimen etter eg skulle ha vore ferdig på jobb, dermed følte eg eit sterkt behov for ein hurtig og enkel middag.

Då eg jobbar i ein daglegvarebutikk, og Tine kjøre smaksprøve på Salmalaksen, vart valget meget enkelt;

Du treng:

1 filet av salmalaks (eg reknar 200 g pr.pers)
Sitronpepper
1 boks creme fraìche
2 ss soya saus

Krydre fileten med sitronpepper, og gjennomsteik laksen.

Tilsett 1 beger creme fraìce, og 2 ss soyasaus.
Gi et raskt oppkok.
OG voila!! KLART til SERVERING!!


3 kommentarer:

  1. Dette såg skikkelig snadder ut! Ikkje feil med hurtige og gode middagsforslag :)

    Klem ♥

    SvarSlett
  2. Og det såg godt ut!! Takk for dine mange flotte innlegg Monica! Eg vil nytte høvet å ynskje deg ei fin og god jul, ser fram til fleire innlegg! (eg er for lite flink å kommentere, men er stadig innom ein snartur)

    SvarSlett
  3. Tusen takk, Aud! Kjekt å høyre du er innom ein snartur, det set eg STOR pris på ;) Fortsatt god jul til deg også, og må du ha eit riktig GODT NYTT ÅR!

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica