søndag 7. november 2010

RØREBRØD

Dette er eit godt, enkelt og lettlagd brød som ikkje blir so mykje gris med på kjøkkenet.
(2 brød i små brødformer)
Ingredienser:
4 dl mùsli
4 dl sammalt grov hvete
ca. 3 dl hvetemel (til røra blir omtrent som havregraut)
5 dl vatn
5 dl melk
litt salt
1 pk tørrgjær
Slik gjere du:
Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle. Du bruka den sorten frokostblanding el. mùsli du vil. Hell lunka vatn og melk i bollen. Og rør godt sammen. Er røra litt for blaut, ha i litt meir hvetemel. Men må ikkje bli for tørr. Skal vere omtrent som havregraut.
Smør brødformene godt med fett. Slå røra i formene. Sett brødet i ovnen på 100 grader og lat brødet stå 1time. Så skrur du opp varmen til 150 grader og steiker ca. 1 time til. Ta ut brøda kvelve på rist og avkjøl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica