søndag 31. oktober 2010

Barneselskap

Idag har vår 4 åring feira med barneselskap saman med alle kompisane sine, og det var STOR stas!!
Eg var so heldige å få låne muffinsstativet av ei venninde.
Muffins med sjokoladebiter med melisglasu og blått strøssel.
Etasjen med blå cellofan syntest eg vart svært dekorativ med turkis pakkebandl. Desse vart nytta istaden for "godteposar", der eg har brukt blå muffinsformer med piratar på og fylt opp med smågodt. Denne ideèn fekk eg på fredag på eg fekk det nye "MAMMA" bladet i posten, der dei hadde brukt eit slikt muffinsstativ som adventskalender og pakka inn godteri på same måten.

Igjen ønskte Basten seg Kaptein Sabeltann skute-kake.
Men sidan dei ikkje var so mangen, og det kun var barn i selskapet, vart skuta forminska ned ein god del.


Dette gjorde til at eg syntest det vart litt vanskeligare å få til skuta. Og resultatet vart laaangt dårligare enn første skuta eg lagde.
Og tolmodigheten min sank litt etter kvart som klokka tikka. Dermed ga eg egentlig opp, og skuta fekk vere slik ho vart.
(Etter eg la meg, kom eg også på at eg hadde gløymt å lage vindua som skulle vere på!!)




Til denne kaka gjekk eg også til innkjøp av gullspray. Trur eg lyt øve meg litt meir på spray`en. For trur det kom litt vel mykje ut, slik at den vart litt meir brunaktig?!? For å prøve å dempe "brunfargen" gjekk eg over med ein pensel med litt gull "støv". Då kom det seg litt...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica