mandag 6. september 2010

Offesiell opning av barnehagen!
I dag var den store dagen for opninga av nye barnehagen som min sønn går i.
Fantastisk flott barnehage og ei kjempe fin opning, med mangen flotte taler,
underholdning av barna som både sang og dansa for oss.
Vi fekk til og med besøk av Kaptein Sabeltann og Langemann!
Heilt fantastisk rett og slett!
Etter alle talane og underhaldninga var det eit stort kakebord som venta på oss.
Mange gode kaker. Og eg hadde sjølvsagt også baka kake.
Ikkje heilt uventa frå meg; Nesquik kake..hehe..De har nok sikker skjønt at dette er min favoritt innan sjokoladekaker ;)
Då eg fekk spørsmål om eg ville bake ei kake, begynte eg straks å tenke på kva eg skulle pynte den med, og kom fram til at barn og sandkasse passa bra fint til anledninga,
og slik vart resultatet ein sein søndaskveld;
Pynten har eg laga av marsipan.

Sanden i sandkassa, er strøssel.
( Svigermor hadde kjøpt masse forskjellig strøssel til meg etter ein Sverigetur ;) )
Fuglen bak sandkassa er ferdig kjøpt pynt.
( Også svigermor som kjøpte etter Sverigetur)
Ha ei finfin veke alle sammen ;)



3 kommentarer:

  1. Utrulig fin kake !! :)
    Missuner deg for og vere so utrulig flink. hehe
    -Johanne-

    SvarSlett
  2. Hehe..Tusen takk, Johanne ;)

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica