søndag 21. mars 2010

Kose Søndag og besøk..
Idag har eg vore so heldig og hatt tantegullet mitt på lån. Eg var stad å henta ho i går kveld, so ho har sove her inatt. Ho er eit år yngre enn guten min, so dei har leika seg utruleg fint ilag. Dei la seg fint i same seng igår.
So etter frokost idag, etter vi hadde rydda opp litt av leikane, då tok vi til å bake muffins.
Ungane syntes det var kjekt å få knuse kvar sitt egg i røra, og sikte i mjøl.
Og ikkje minst sette muffinsformene på steikebretta og telle dei.
Då muffinsane endeleg var ferdig steikte var det mykje tripping og klatring opp på kjøkkenbenken. Men tenke seg til at ein skulle ete middag før ein skulle få smake på muffinsane!
Det var jo ei heilt evigheit!
Men endeleg var middagen også ferdig, då var det berre å sluke i seg eit par tygge i håp om at ein skulle få smake på muffinsane.
Besøk hadde vi også fått. Ei venninde av meg og dattra som kom. (Dattra går på same avd. i barnehagen som sonen min). So det var stor stas.
Kaffi, sjokolademuffins og vaniljeis..mmm..nam nam..
Ein kjempe koseleg søndag.
No er snart ungane komt i seng, og kvelden skal nytast vidare.
Sjokolade muffins
To gode hjelpara





2 kommentarer:

  1. So kjekt då:) Vi har kosa oss med kaffi og "kjøpe"kjeks på verandaen på Solbakk i dag, i eit strålande vær :) Fine bilder du har tatt :)) Klem

    SvarSlett
  2. Høres ut som de har hatt ein fine dag også. Og eg reknar med "kjøpe" kjeksa gjorde same nytta til kaffien som muffinsane ;)

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica