tirsdag 16. mars 2010

...barnehagedagen...
So var det tirsdag igjen, og tid for å sosialisere seg igjen. Tirsdagane har eg begge ungane heime, Sebastian går kun 50 % i barnehagen. Men min samboer er for tida permitert og difor kunne eg og Cornelia reise på kroa aleine og kose oss på småbarnstreff. Snuppa sov seg igjennom heime treffet idag, so mor kunne virkelig kose seg med kaffien idag.
Det var også barnehagedagen idag, so etter vi hadde vert på kroa gjekk vi i barnehagen og møtte min samboer og Sebastian. Han syntes det var stor stas å gå i barnehagen på ein fri dag, og samtidig vise oss rundt i barnehagen. Smakspøva fekk vi også, Markellkarbonade og fiskepizza. Utruleg godt faktisk. OG inspirerandes..pizzaen hadde sjølvsagt grov bunn, eit godt og sunt alternativ som eg muligens vil prøve heime ein dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica