fredag 19. mars 2010

Fredag og husmor...
Veka har gått alt for fort. Og idag var heile familien heime. Då fann eg ut at eg skulle bake litt. Og veiret tilsa eigentleg at vi kunne vere inne idag. Eg baka både brød og laga knekkebrød idag. Ungane sprang fram og tilbake, var både med å skulle hjelpe samtidig var dei ei stund på rommet sitt å leika seg fint ilag. Cornelia som er 10 mnd stor kosa seg med å krabbe etter storebror på 3 år, og elska å studere kva han gjere på. So dei leika seg fint ilag med duplo som endte utover heile golvet både på rommet og i gangen.
Og min samboer var den som tok helgavasken idag.
Itillegg til å bake idag, måtte eg toppe det heile med heimelaga kjøttkaker til middag. Då var alle storfornøgde. Det er jammen deilig å ha slike dagen man kan putle med det man har lyst til å gjere. Ettermiddag reiste min samboer, han skal vere sjåfør i kveld. Og eg og ungane fekk besøk av ei jente vi skal passe eit par timar.
Cornelia er komt i seng, og dei to andre stor kosar seg med å leike ilag.



Her er knekkebrøda ferdige og komt på glas..

Brøda ferdige og står til avkjøling..

Knekkebrøda til avkjøling...

Brøda står til heving..



To gode hjelpara






Brødeigen



Knekkebrød røra







2 kommentarer:

  1. Nammmnam masse godt her :) Flink du e å bake og styre. Trur eg må lage knekkebrød en dag og, men det ender vel berre vel berre opp med å lage kort hihi :)

    SvarSlett
  2. Hehe..ja, eg lyt nesten nytte sjansen no før permisjonen min utgår :)

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica