onsdag 20. november 2013

Endring av kosthold

Etter å ha lese mykje om at eit melkefritt kosthold kan hjelpe både på konsentrasjonsvanskar, adhd og sengevæting har eg funne ut at dette er vel verdt eit forsøk i heimen.
Det er veldig mykje å sette seg inn i, både kva matvarer som ikkje inneheld melk, då det meste inneheld melk, og kva ein kan bruke som erstatning. Og ikkje minst kor ein kan kjøpe div. alternative produkt.
På lokalbutikken her fekk eg kun tak i soyamelk og havredrikk.
Mens i dag har eg hatt ei litt større handleliste og handla på Coop Mega, der var utvalget mykje større og bedre. Og til min store glede oppdaga eg at nokre av Coop sine produkt, både pølser, kjøttkaker, leverpostei osv. var merka på framsida "Uten melk" og "Uten gluten",  heilt genialt! so slepp ein lese gjennom heile innholdsfortegnelsen for å finne ut om der er melk i produktet.

Etterkvart skal eg prøve å vere flink å legge ut oppskrifter på det eg sjølv har prøvd ut.

Smoothie:

2 dl havredrikk
2 bananer
140 g fersk ananas
100 g havregryn

Kutt opp frukta i biter. Ha alle ingredienser oppi blender, og kjør til alt er most.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica