torsdag 13. juni 2013

Smaken av sommer

Denne veka har vi virkelig hatt eit fantastisk flott veir! Noko som har ført til at eg har benytta tida til å vere ute å kose meg med lisjeklompen, slikke sol og begynt å beise huset, dermed har eg ikkje hatt tid å legge ut bilde av dåpskaka før idag (pøsa ned med regn no) hihi...
 
 
 

Eg sjølv liker godt når kakene er friske i smaken, og med frie tøyler valde eg å bruke eit av mine favoritt fyll, og no er det jo også virkelig sesongen for både jordbær og rabarbra. Dermed blei det sukkerbunn fylt med cremefraich krem og jordbær og rabarbrakompott. Oppskrift finn du HER.
 
I det siste har eg begynt å bruke ei anna oppskrift på sukkerbrød, super god og slår aldri feil, eg har brukt Sharon fra Kakeboksen sin oppskrift, og den finn du HER.


Mi Svigerinne Anette, er blomsterdekoratør og hadde laget desse flotte
blomsterdekorasjonane.

Også hadde ho laga desse søte melkekartongane som var bordkort.

 
Ettersom vi også skulle besøke eit bursdags"barn", laga eg like godt ei kake til, når eg likevel var igang med dåpskaka. Pynta i hurten og styrten.
 
Denne kaka har fire lag, to lag med cremefraice krem og jordbær og rabarbrakompott,
og to lag med creme fraiche krem, bringebærsylte, friske bringebær og blåbær!
 
So dette vart virkelig smaken av SOMMER!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica