søndag 27. mars 2011

Muffins med blåbær og marsipan

Søndagskos med nysteike muffins
Først et lite tips som eg har lese ein eller anna plass;

Vaniljesukker med EKTE vanilje smakar mykje bedre i baksten enn. No har eg prøv ut dette, og må seie det er STOR forskjell. Og har også prøvd ut bakepulveret i same merket, men om dette er noke bedre, kan eg nok ikkje seie eg merka noko forskjell.

Då har vi endeleg stilt klokka tilbake til sommartid! Og sjølv om eg var på festeligheter igår, og av den grunn stod opp ganske seint idag, har eg likevel slått til med litt baking!
Etter ein nyydelig kveitemiddag, måtte vi nesten ha noko godt til kaffien, og MUFFINS vart det. Fekk god hjelp av Bastengullet (min 4 årige sønn). Både til å finne fram ingrediensane, måle opp og rydde inn i oppvaskmaskina. OG ikkje minst fylle opp muffinsformene! Koselig søndagsaktivitet her i heimen.
Også måtte eg nesten ta med et lite bilde av snuppa mi som omtrent slukte i seg muffinsane ;)

Oppskrift på muffins med blåbær og marsipan:

150 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
3 dl hvetemel
0,5 dl melk

blåbærsyltetøy
ca 150 g ekte marsipan

Slik gjere du:

Pisk smør og sukker. Pisk i egg, et og et om gangen.
Sikt alt det tørre og bland i røra saman med melka.
Rør til den er glatt og klumpfri.

Fyll litt røre i muffinsformene, legg så ei lita ts med blåbærsylte over røra i formene. Legg så ei tynn skive marsipan over blårærsylta, og etterfyll med røra  så dei blir ca 2/3 fulle.
Steikes i ovene på 200 grader i ca. 10-15 min. Avkjøl.

Frosting:

125 g smør
2 ts vaniljesukker
300 g melis
ca. 3 ss melk

slik gjere du:

Pisk smør, vamiljesukker og melis saman melk til ein luftig krem.
Ha kremen over i ein sprøytepose og sprøyt den på muffinsane.


Ha ei trivelig veke, Klem

4 kommentarer:

  1. Tusen takk og god helg til deg også :)

    SvarSlett
  2. Tenker å prøve denne i dag med frosne blåbær :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må du berre gjere, kos deg med baking av blåbærmuffins ;) Her er det endelig litt sol og temperatur, so her er det om å gjere å benytte seg av det deilige sommarveiret ;)

      Slett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica