søndag 27. juni 2010

Då nærma det seg slutt på helga, og eg har stranda på sofaen med ein god film og ostesmørbrød.
Helga har vore kort ettersom eg var på jobb igår.
Eg hadde inne ei bestilling på Hello Kitty kake til idag, so denne begyndte eg med når eg kom heim fra jobb igår.
Baka sukkerbrød i kroneforma. Og fylte den med jordbærsylte, krem og jordbær.
Trekte kaka med marsipan og pynten er av marsipan og sukkerpasta.
Hadde igunn store problem med å få til både marsipanen og sukkerpastaen. Trur det vart litt for vart å jobbe med den. Berre klissa seg uansett ka eg prøvde.
Men eg fekk no til kaka og pynten på eit vis likavel.
Spent var eg iallefall då eg var stad å leverte kaka, om eg leverte til forventingane. Og eg fekk berre POSITIVE tilbakemeldingar. Jubilanten sjølv visste ikkje at ho skulle få Hello Kitty kake (noko ho hadde ynskja seg), so ho vart glad :)
Koseleg var det å få melding på mobilen av kaka som nesten var oppeten, kun Kitty figuren som låg igjen på fatet, for å bekrefte at kaka også smakte godt ;)


Vart litt vanskelig å ta bilde av dette, men det er eit stempel som eg har har dyppa i rosa glitter.






No er det snart køye tid for min del, so eg blir klar for ein ny arbeidsdag imorgon.
Ny veke, nye moglegheiter ;)


2 kommentarer:

  1. Kjempefin kake, Monica :0)
    Kjekt når den faller i smak og blir spist opp.

    SvarSlett

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica