mandag 5. april 2010

PÅSKE OG HYTTETUR...
Vi har gjort det til nærmast ein tradisjon å reise på hytta til bestemor mi, som ligg i Bjørndalen.
Med mykje mat og mangen barn, var ikkje lysta særleg stor til å gå på ski inn, og heldige va vi då vi fekk trakkemaskina ifrå Kleivane og inn på hytta.
Det var lite snø igjen, enkelte plassar i løypene var begynt å bli bare.
Vi kosa oss både ute og inne.
Skituren som eg gjekk "glipp" av inn til hytta, tok eg igjen, då min far, syster, og tantebarn bestemte seg for å reise heim att. Då hadde det seg slik at mitt tantebarn ikkje ville sitte i akebrett, og ho fekk låne bæremaisa, som vi hadde til minste jenta vår. Ettersom dei då hadde ein sekk for mykje, gjekk eg saman med dei ut att på Kleivane. Svett vart eg iallefall. Og svettare vart eg på tilbaketuren. Godt sliten. Og eigentleg litt imponert over meg sjølv, då eg ikkje hadde brukt meir enn 45 min fra Kleivane til hytta i Bjørndalen.
Turen heim att, var det litt verre med. Det var skikkelig skare snø og glatt. Med minste jenta på ryggen, turde eg ikkje gå på ski. Det endte opp med at vi tok av oss skia og gjekk på føta tilbake på Kleivane. Men sola skinte, so turen var igrunn fin.
Måtte også ta nokre bilde av den vakre solnedgangen i fra verandaen på hytta.

Også eit av min son og mitt tantebarn som leikar seg i snøen.



















1 kommentar:

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica