søndag 24. november 2013

Eplepai med "rømme"fyll


Søndag og vennebesøk

No var det alt for lenge sidan vi har sett vårt gode vennepar Berit og Eivind.
Difor inviterte vi på middag denne søndagen, og eg diska opp med svineribber med SPRØ! svor og alt tilbehøret. Og prøvde ut korleis kålrabistappen smakte utan melk sidan det nærmar seg jul.

Slo også til med dessert, lunken eplepai:

Paideig:

112 g smør uten melk
4 dl hvetemel
1/2 ts salt
1/2 dl vatn

Ha smør i ein bolle, rør inn litt og litt av det tørre. Tilsett vatn og kna deigen til den er smidig.
Avkjøl ca. 30 min. Kjevle så ut i ei springform 26 cm. Prikk deigen med ein gaffel.
Steikes i 10 min på 200 grader.

"Rømme" fyll:

225 g Tofutti Sour Creme
1 egg
1 dl sukker
2 ts vaniljesukker

Pisk alt sammen med ein mixer.

4-5 epler uten kjerne, skrelte og delte i båter.

Slå halvparten av rømme fyllet over paideigen.
Dekk eplebåter utover rømmefyllet, og slå så resten av rømmefyllet over eplene. Legg eit nytt lag med epler over rømmefyllet, Strø kanel og sukker over.
Steikes i ca. 25 min. Avkjøl til paien er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alltid koselig med ein kommentar.
Ha ein finfin dag ;)

Klem Monica