søndag 25. april 2010

Månadens Utfordring
hos KAKEBOKSEN var å lage eit spiseleig bordkort.
I føremiddag tok eg å laga sukkerpasta. Og medan middagen stod i ovnen og god gjorde seg, tok eg å lagde muffins.
Etter middagen var inntatt og vi hadde vore ute å gått tur, var tida komt for å få ungane i seng, og mannen var stad på bueskyting. Då nytta eg tida til å leike meg med blomster og fargar.
Eg har brukt muffins som eg har trekt med sukkerpasta.
Pynten eg også i sukkerpasta.
Og dette vart mitt bidrag til Kakeboksen ;
(Har også ein link til Kakeboksen på høgre side, under mine favorittar)



Utfordring- kransekake
Då har eg endeleg komt meg i gang på den aller første prøving av kranse kake.
Her har eg idag skålda 500 gram mandler, som no skal få ligge å tørke til imorgon.
Eg valde å skolde mandlane, då eg synest kransekaker er finast når deigen er lys og fin.



Har bestemt meg for å bruke denne kranskekake oppskrifta;
500 gram Mandler
500 gram Melis
4 eggehviter
Skåld mandlane og lat dei tørke på eit klede over natta.
Mal alle mandlane i mandelkvern. Bland mandler, melis og eggehvite til ein fast deig som lett lar seg trille ut til kuler. Den må ikkje vere for fast, men heller ikkje for klissete. Ha evt. i meir eggehvite eller melis.
Trill deigen til fingertjukke lengder og fyll ringane.
200 grader i ca. 10 min.
Avkjøl på rist og hvelv forsiktig.
Glasur;
1 eggehvite
1/2 ts sitronsaft
2-3 dl Melis, siktes
Bland alle ingrediensane til ein smidig glasur som fyllast i små, dobble kremmerhus av bakepapir, og sprøytast på kakene.




Har også gått til innkjøp av mandelkvern.
Denne kjøpte eg på Biltema.



søndag 18. april 2010

UTFORDRING...
I den anledning, vi skal i konfirmasjon til søskenbarnet til min kjære, tilbydde eg meg sjølvsagt å bake kake. Mor til konfirmanten kom med ynskje om ei kransekake, noko eg aldri har laga før.
Men eg tok imot utfordringa, so får eg no også prøvd ut kranskeformene eg kjøpte ein gang i tida.
Ettersom eg aldri har laga kransekaker før, tek eg gjerne imot gode oppskrifter, tips og råd :)
So skal eg heller skrive meir seinare når eg har begynt å øve meg og har eit ferdig resultat.
Ha ein fortsatt fortreffelig kveld!

søndag 11. april 2010

DET VÅRAST OG VI KOSAR OSS I HAGEN..
For eit nydeleg vår veir det har vore idag. Etter frokost, kledde vi på oss og tok ein køyretur til Førde. Var innom plantasjen, var meininga å kjøpe ny disse til Sebastian, men dei var dessverre utsolgt. Litt skuffa sjølvsagt. Men det retta seg raskt. Vi for på besøk til eit vennepar. Då kom systra mi og mine tantebarn trillandes forbi, og Sebastian vart med tanta heim og fekk disse hos ho. Etter ein kaffikopp og eit stykke sjokoladekake, reiste vi stad og henta Sebastian igjen, og køyrde heim.
Eg og Sebastian kosa oss ute. Han stor kosa seg med å køyre på trehjulingen sin, medan eg begynte å renske opp litt i blomsterbeda. Spennandes! å sjå kva som var begynt å spire. Fann også nokre løkar som var begynt å spire, men anar ikkje kva dette var. (Katten min som har rota rundt i bedet mitt.) So det skal bli kjempe spennandes å sjå kva som kjeme opp av dei løkane.
Etter Cornelia hadde fått middag kom, dei ut også. Ho fekk sitte i babydissa og stor kosa seg når broren skubba STOR fart til ho. Etter ein liten skuffelse av at Sebastian ikkje fekk seg disse på plantasjen, vart det ei heimesnekra fjøl å disse på idag, men fornøgd vart han iallefall.
Også vart det ein tur i sandkassa. Dette var ekstra spennandes for Cornelia, som aldri har leika i sanden før. Og måtte difor legge med eit bilde av ho.






Måtte handle litt på Plantasjen, sida vi først hadde køyrt inn dit.

Her har det begyndt å bli grønt.


Vårlyng og krokusane eg kjøpte idag.



mandag 5. april 2010

PÅSKE OG HYTTETUR...
Vi har gjort det til nærmast ein tradisjon å reise på hytta til bestemor mi, som ligg i Bjørndalen.
Med mykje mat og mangen barn, var ikkje lysta særleg stor til å gå på ski inn, og heldige va vi då vi fekk trakkemaskina ifrå Kleivane og inn på hytta.
Det var lite snø igjen, enkelte plassar i løypene var begynt å bli bare.
Vi kosa oss både ute og inne.
Skituren som eg gjekk "glipp" av inn til hytta, tok eg igjen, då min far, syster, og tantebarn bestemte seg for å reise heim att. Då hadde det seg slik at mitt tantebarn ikkje ville sitte i akebrett, og ho fekk låne bæremaisa, som vi hadde til minste jenta vår. Ettersom dei då hadde ein sekk for mykje, gjekk eg saman med dei ut att på Kleivane. Svett vart eg iallefall. Og svettare vart eg på tilbaketuren. Godt sliten. Og eigentleg litt imponert over meg sjølv, då eg ikkje hadde brukt meir enn 45 min fra Kleivane til hytta i Bjørndalen.
Turen heim att, var det litt verre med. Det var skikkelig skare snø og glatt. Med minste jenta på ryggen, turde eg ikkje gå på ski. Det endte opp med at vi tok av oss skia og gjekk på føta tilbake på Kleivane. Men sola skinte, so turen var igrunn fin.
Måtte også ta nokre bilde av den vakre solnedgangen i fra verandaen på hytta.

Også eit av min son og mitt tantebarn som leikar seg i snøen.