søndag 25. september 2011

Hvit toblerone muffins



"Kem skal ete desse kakene? "

Var spørsmålet fra gulla mine, då eg sette igang å lage muffins idag.
Og jubelen var STOR då eg sa VI skulle ete dei når vi fekk kaffibesøk!
So ivrige at dei klarte nesten ikkje vente, og sleika i seg det dei kunne sleike i seg av røra og mousse.

Og eg klarte sjølvsagt ikkje motstå fristelsen til å kjøpe desse for å prøve dei ut.

Oppskrift; rester av sjokoladekake, eg har då brukt denne SJOKOLADEKAKA, som eg smuldra heilt opp.
Smelta 100g smør og 100 g kokesjokolade og tilsette 100 g melis i den smelta sjokoladen/smøret. Deretter tilsette eg
kakesmulane og blanda dette godt saman. Tok ei god tsk av massen og rulla til ei kule, som eg plasserte i små muffinsformer. Sette dette til kjøling ei lita stund.
Brukte 1 pose jordbærmousse fra Dr. Oetker og lagde etter anvisning på pakken. Fylte i ein sprøytepose og toppet kakekulene. Sette i kjøleskap fram til servering.


HVIT TOBLERONE MUFFINS
(ja, eg er blitt heilt hekta på hvit toblerone!!hihi :)




Oppskrift;

100 g smør
100 g hvit toblerone
2 egg
2 ts vaniljesukker
2 dl sukker
2 1/2 dl hvetemel

Smelt smør på lav varme. Avkjøl litt. Hakk tobleronen i små biter og bland i det avkjølte smøret.
Pisk egg, sukker og vaniljesukker til luftig eggedosis. Bland i sjokoladeblandingen. Bland i hvetemelet.
Ha i muffinsformer. Steikes ved 170 grader i ca. 10 min. Avkjøl.

Til topping har eg brukt 1 pose vaniljemousse fra Dr. Oetker. Lag etter anvist på pakket. Fyll i sprøytepose og sprøytes på muffinsen. Sett til avkjøling fram til servering, så moussen får "sette" seg litt.

Desse muffinsane var etter mi meining heilt HIMMELSKE!! Kan absolutt anbefalast!
Gulla viste også teikn til at dei falt i smak, då dei omtrent blei slukt på høgkant :P


lørdag 24. september 2011

Kaptein Sabeltann kake


"Kopi" kake...

For de som følger med på bloggen, ser nok at dette er ein "kopi" av Kaptein Sabeltann kaka som eg har laga ein gong tidligare i begyndelsen av denne mnd (trur eg, det var? )
Det var jo sjølvsagt nokon som såg den kaka, og ville eg skulle lage ei slik til ei bursdagsfeiring.

Gratulere so masse med dagen, Sondre! Håpar du får ei flott bursdagsfeiring, og at kaka stilte til forventningane ;)




Dette er sjokolade kake med sjokoladesmørkrem trekt med marsipan.
Oppskrift på denne sjokoladekaka finne de HER , men til sjokoladesmørkremen
har eg no brukt ekte meierismør, istaden for melkefritt smør som står i oppskrifta.


Utenom kakebaking har det vore ein flotters kosedag med familien.
Først på shopping alle 4 (det er ganske sjeldent, stort sett eg aleine som reise å shoppa :P ), deretter var vi å besøkte to av systrene mine og eine tantegullet mitt. Og den største av dei to systrene mine, diska opp med en riktig so deilig pastasalat med kylling og bacon! Mmm..nam nam! Og gulla mine stor koste seg og leike med kusina og den yngste tanta.

Og ENDELIG kom PAKKEN fra KAKETOPPEN idag!!!!
Ettersom eg mest sannsynlig får vennindebesøk imorgon, tenker eg at eg lyt prøve ut nokre av dei nye sprøytespissane mine og slå til med nokre lekkre og gode CUPCAKES, som vi kan kose oss med over kaffikoppen og slarve litt ;))

Nokon som har ei god oppskrift å dele med meg?
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld!!!

KLEM

tirsdag 20. september 2011

Pakke på vei i posten

Ettersom eg no skal ta det litt med ro nokre dagar pga. senebetennelse i ei fot, har eg brukt dagen i sofaen med kaffi og pc`en og surfa på nettet.
Då er det helst å finne ny inspirasjon til kaker eg liker.
MEN..har ei stund hatt lyst på nokre nye sprøytespissar, so eg kan begynde å lage lekkre CUPCAKES,
sidan det er så populært for tida. OG då var det eg kom innom KAKETOPPEN og oppdaga at dei har tilbud på nokre sprøytespissar, og hadde ikkje anna valg enn å legge dei i handlekorga (itilleg til ein del andre ting)


Bildet er lånt av:
http://www.kaketoppen.no/

So no berre gler eg meg til pakken kjem i posten, juuuhuuuu!!! :)
Kva for ein sprøytespiss likar du best å bruke når du skal pynte cupcakes?

Ha ein superfin dag

Klem :))


mandag 19. september 2011


Eit lite livsteikn..

Hausten har ankommet, og til tross for mykje regnvèir, har vi likevel hatt nokre fine dagar innimellom,
der eg har leika meg litt med mitt kjære kamera. Med flotte fargar på himmelen og måneskin, kunne eg ikkje unnlate å knipse litt... 





Ha ei flott og kreativ veke

klem

lørdag 3. september 2011


Dåpskake
Sukkerbunn fylt med bringebær og kvit tobleronekrem,
trekt med marsipan, og spraya med perlemor  (synest den er berre so lekker, perlemorsfargen)
All pynt er av marsipan.

Og tillykke med den store dåpsdagen til både dåpsbarnet og foreldra, håpa det blir ein finfin dag,
og at kaka fell i smak ;)


Rosa sløyfe i håret høyrer med.
Dyna har fått rosemønster og lekkre kvite perler ( perlene er Dr. Oetker)

Rosene fekk litt meir liv med rosa glanspulver ytterst på bladene.





No skal eg synke godt ned i sofaen og nyte kvelden, og kanskje eit glas Lindemanns??

Ha ein fortsatt finfin laurdags kveld ;))

torsdag 1. september 2011

Sjokoladekake uten melk



Kaptein Sabeltann

Melkefri sjokoladekake med sjokoladesmørkrem, trekt med marsipan...






Sjokoladekake uten melk;

4 egg
3 dl sukker
2 dl matolje
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
3 ss kakao
4 dl hvetemel

Pisk egg og sukker til en luftig eggedosis, slå i oljen i ein tynn stråle mens du pisker videre. Bland alt det tørre, sikt det i røra og vend inn. Steikes på 170 grader i ca 30-40 min. ( 24 cm form).

Glasur;

380 g margarin uten melk
3 ss kakao
ca. 6-7 dl melis

Bland alt sammen, og bre utover den avkjølte kaka.