søndag 9. februar 2014

Morsdag

 Perfekt start på dagen må vere når man får slike koselige morsdagskort frå gulla.
Frøken Snupp bestemte allerede igår at ho skulle bake kake, 
og då er det fint å ha ein storebror som kan hjelpe og ikkje minst lese oppskrift!

Studerer nøye på vekta at det
stemmer med oppskrifta.

Også er det berre å begynne å
piske eggedosis.

Eg hjalp med å dele kakebunnen, ellers var det
største gullet som fullførte kaka, då Frøken Snupp gjekk lei.

Sukkerbunn fylt med krem (soya krem) friske bringebær og banan.

HA EIN FORTSATT FIN MORSDAG!

lørdag 8. februar 2014

Ugle kake....

Mi venninde som brukar bestille kake hos meg, stort sett med motiv av barcelona eller hester, 
ville gjere det enkelt for meg, og ville ha ei enkel kake denne gangen, og dermed fekk eg frie tøylar.
Etter ei veke med sjuke barn i hus, var det heller ikkje mykje eg fekk planlegge eller forberede til denne kaka. Så kaka kom ut av ovnen seint i går kveld, og då var det berre å svinge seg rundt å lage pynt som går rimelig raskt. Dermed blei det denne ugla ;)